Sikring mot flaum i Oftaelvi

Ofta2

Kommunen gjennomfører no eit hastetiltak for å auke flaumkapasiteten til Oftaelvi før vårflaumen.

Kommunen fekk denne veka godkjenning frå NVE til å gjennomføre eit hastetiltak i Oftaelvi, for å førebyggje skadeflaum i forhold til ein mogleg større vårflaum enn normalt. Tiltaket går i stor grad ut på å fjerne massar som har lagt seg opp i elvelaupet, for å auke flaumkapasiteten i elva.  Kommunen har gjennomførd synfaringar med grunneigarar og entrepenørar denne veka, og fått på plass naudsynte løyver. Arbeidet vil starte snarast, og kan føra til noko støy og aktivitet med store maskiner i og langs elva nokre dagar framover.  Arbeidet kan og føre til noko endra farge på vatnet nedstraums i Lærdalselva nokre dagar.  Det er forventa at elvane kan stige i løpet av dei neste vekene, men kor mykje vatn som kjem, er avhengig av været framover. 

Les meir om vårflaum her:
NVE sin vårflaumanalyse 14. mai