Lærdal kommune følgjer dei nasjonale råda for smittesporing og testing.  Her kan du sjå eit skjematisk oppsett over smittesporing og testing. PDF document ODT document

Vaksinasjonsdekning i Lærdal er svært høg, som tyder at befolkninga er godt beskytta mot alvorleg sjukdom. Dei vaksinerte smittast ikkje så lett og smittar heller ikkje så lett vidare. Born blir sjeldan alvorleg sjuke.

Desse råda gjeld framleis og inntil vidare:

  • Innandørs arrangement for barn i barneskolealder kan gå som planlagt, men barn med symptom og barn i familiar som har smitte, må vere heime
  • Utendørs arrangement kan gå som normalt
  • Barn eller voksne med sjuke familiemedlemmer bør ikke ta imot eller reise på besøk til andre familier.
  • Personar med sjukdom i husstanden bør ikkje reise på arrangement som samler folk innendørs.
  • Unngå trengsel og bruk munnbind når du ikkje klarer meteren. Det gjeld også i biler og busser.
  • Vær nøye med håndhygiene.
  • Sjuke personer i ein familie bør holde seg for seg sjølv og beskytte resten av familien mot smitte.
  • Vær nøye på hånd og dråpesmittehygiene. Også i heimen.
  • Bruk munnbind viss du kjem for tett på folk. Ha alltid eit munnbind i lomma.
  • Bruk munnbind ved besøk på sjukeheimen og på venterommet på Helsesenteret.

Kommunen oppdaterer smittesituasjonen dagleg på heimesida.

Vaksinerte treng kun teste seg ved symptomer.

Born i uvaksinert alder vert testa etter eit eige program for å gå på skulen. Sjå skjema over kva du skal gjere når du har symptom på luftvegsinfeksjon.

Ved symptom - ikkje møt opp på helsesenteret. Få heller nokon til å henta hurtigtesten, eller gjer avtale på tlf 576 69 500. Kommunen vil presisere at gratis test kit for gjennomføring av hurtigtestar for vaksne, er forbeholdt dei som har symptom.