Denne og neste veke vert det kun vaksinering med dei som skal få dose to med vaksine.

I veke 22 skal dei som fekk Astra Zeneca i mars, få dose to med Pfizer. Desse vil få innkalling på SMS. I tillegg skal me vaksinere 72 stykk med dose to og 54 stykk med dose 1 med Pfizer vaksina. Me har byrja å kalle inn personar fødde i -55.

Tal vaksinerte til no i Lærdal kommune:
Dose 1: 618
Dose 2: 313

Dette er tal over kor mange Lærdal kommune har vaksinert. Nokre innbyggjarar vert vaksinerte andre stader, t.d helsepersonell frå Lærdal som jobbar anten på sjukehuset eller i nabokommunar.

Innkalling: Alle vil få innkalling til vaksinering per bev eller SMS.