Følgjande grupper mellom 18-64 år skal prioriterast fyrst:
Organtransplantasjon*  
Immunsvikt*  
Hematologisk kreftsjukdom siste fem år*  
Anna aktiv kreftsjukdom, pågåande eller nyleg avslutta behandling mot kreft (spesielt immundempande behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift)* 
Nevrologiske sjukdommar eller muskelsjukdommar som fører til nedsett hostekraft eller lungefunksjon (til dømes ALS, cerebral parese og Downs syndrom)*  
Kronisk nyresjukdom eller betydeleg nedsett nyrefunksjon*  
 
Vidare nedover tek me utgangspunkt i desse gruppene: 
Kronisk leversjukdom eller betydeleg nedsett leverfunksjon  
Immundempande behandling som ved autoimmune sjukdommar  
Diabetes  
Kronisk lungesjukdom, inkludert alvorleg astma som har medført bruk av høydose-inhalasjonssteroider eller steroidtabletter siste året  
Fedme med kroppsmasseindeks (KMI) på 35 kg/m2 eller høgare 
Demens  
Kroniske hjerte- og karsjukdommar (med unntak av høgt blodtrykk)  
Hjerneslag  
 
Det er legane på legekontoret som prioriterer kven i risikogruppa me skal vaksinere fyrst. Alle som er i risikogruppa vil få innkalling etter kvart som nye dosar med vaksine kjem inn. Kor mange dosar me får kvar veke, får me vite ca 14 dagar før levering. Per no veit me at me får 72 doser i veke 16 og 48 doser i veke 17. Me vaksinerer fortsatt med Comirnaty frå Pfizer/BioNTech.