Etter desse byrjar me med prioriteringsgruppe 8 som er personar i alderen 55-64 år (les meir om prioriteringsgruppene på fhi sine heimesider . Gruppe 8 vil få innkalling til vaksinering i byrjinga av juli og vert satt opp til dose 2 etter 12 veker. Vidare går me til gruppe 9,10 og 11. Kva tid dei andre gruppene får innkalling kjem an på kor mange dosar me får. Fhi har varsla at me vil få fleire dosar no i sommar. Alle i gruppe 8-11 skal ha eit intervall mellom 1. og 2.dose på 12 veker. 
Vaksinerte hittil i Lærdal kommune:
Dose 1: 770
Dose 2: 589

Dette er tal på kor mange Lærdal kommune har vaksinert. Nokre innbyggjarar vert vaksinert andre stader, t.d helsepersonell frå Lærdal som jobbar anten på sjukehuset eller i nabokommunar. 
Dersom du har fått vaksine andre stader er det fint om du gjev beskjed til legekontoret, slik at me unngår dobbeltarbeid.