Det er mange som er på ferie no, de som får innkalling og ikkje kan møte må gje beskjed umiddelbart slik at dosen kan nyttast av andre. Det er fint om de som er i prioriteringsgruppe 10 og som snart får innkalling melder i frå dersom de veit de vert vekke dei komande vekene.  
Det er fint at de tek kontakt og seier de kan komme på kort varsel dersom nokon ikkje møter til time. Alle som ringer om dette vert ført opp på ei eiga ringeliste. 

Vaksinerte hittil i Lærdal kommune:
Dose 1: 974
Dose 2: 611
Dette er tal på kor mange Lærdal kommune har vaksinert. Nokre innbyggjarar vert vaksinert andre stader, t.d helsepersonell frå Lærdal som jobbar anten på sjukehuset eller i nabokommunar. 
Dersom du har fått vaksine andre stader er det fint om du umiddelbart gjev beskjed om det, slik at me unngår dobbeltarbeid.