Dei aller fleste har fått, men nokre er framleis på ferie og vil få innkalling om få veker. Dersom det er nokon som ikkje har fått tilbod om vaksine, må dei snarast ta kontakt med Lærdal Helsesenter, 57669500. Dette kan vere utanlandske arbeidarar som oppheld seg i Lærdal over tid, eller nokon som nyleg har flytta hit og som ikkje er oppført på våre lister.  

Innkalling på kort varsel:
Dei av dykk som kan komme på kort varsel til vaksinering, det vil seie same dag, kan ringe legekontoret tlf 57669500 og melde ifrå.  Merk at det må ha gått minimum 21 dagar frå fyrste dose til du kan få dose nummer to.  

Koronasertifikat:
Har du spørsmål vedrørande koronasertifikat ber me dykk gå inn på helsenorge sine nettsider for informasjon. Er du ferdig vaksinert, vil ditt sertifikat vere tilgjengeleg på Dine sider.