Vaksinerte hittil i Lærdal kommune:
Dose 1: 715
Dose 2: 542

Dette er tal på kor mange Lærdal kommune har vaksinert. Nokre innbyggjarar vert vaksinert andre stader, t.d helsepersonell frå Lærdal som jobbar anten på sjukehuset eller i nabokommunar.

Dersom du har fått vaksine andre stader er det fint om du umiddelbart gjev beskjed om det, slik at me unngår dobbeltarbeid.

Overvekt/ Alvorleg fedme
Dersom du er overvektig eller har alvorleg fedme er du i risikogruppa og skal prioriterast for vaksinering. Alvorleg fedme er om du har ein KMI ≥35. KMI er definert som: KMI = vekt(kg) / høyde(m)2. Me har oversikt over mange av dykk, men ikkje alle. Det er fint om de melder dykk til legekontoret slik at de vert kalla inn fortløpande. Er du usikker på din KMI kan du rekne ut denne ved hjelp av KMI kalkulator på nett. Du skriv inn høgde og vekt og deretter reknar kalkulatoren ut din KMI. På nett søker du på: KMI kalkulator. Ta kontakt med legekontoret om noko er uklart kring dette.