Me er per no snart ferdig å vaksinere bebuarane på Lærdal bu- og omsorgsheim (LBO). Dei eldste heimebuande kan førbu seg på innkalling til vaksinering. Det blir sendt ut brev med informasjon om oppmøtestad, dato og tidspunkt for både 1. og 2.dose. 
Frå veke 4 får me 30 dosar med vaksiner og nokre av bebuarane på LBO vil få si andre dose denne veka. Me byrjar også med vaksinering av helsepersonell.