Statens vegvesen

Stengjer Fodnes ferjekai to netter

Del
Statens vegvesen stengjer Fodnes ferjekai på grunn av vedlikehald.
Fodnes ferjekai. Illustrasjonsfoto: Lars Olve Hesjedal, Statens vegvesen
Fodnes ferjekai. Illustrasjonsfoto: Lars Olve Hesjedal, Statens vegvesen

Kaien blir stengt to netter:

¤ Frå tysdag 14. juni klokka 23.30 til onsdag 15. juni klokka 04.30

¤ Og frå onsdag 15. juni klokka 23.30 til torsdag 16. juni klokka 04.30

For begge nettene blir siste avgang frå Fodnes klokka 23.30 til Mannheller. Deretter vil ferja trafikkera Mannheller – Lærdal. Sambandet vil gå i normal rute frå Fodnes klokka 04.30 til Mannheller.

Ferja vil gå Mannheller – Lærdal etter desse avgangane:

Frå Lærdal klokka 00.45, 02.15 og 03.50, via Fodnes klokka 04.30

Frå Mannheller 00.00, 01.30 og 03.00    

– Statens vegvesen har forståing for at arbeid som medfører at vi må stengja våre ferjekaiar kan gje ulemper for trafikantane. Då er det viktig å minna om vi gjer dette arbeidet nettopp for dei, og for at dei skal kunna ferdast trygt til ei kvar tid. I god dialog med entreprenør har vi valt å leggja arbeidet til den tida på døgnet då det er minst trafikk, seier byggjeleiar Asbjørn Røneid i Statens vegvesen.

Vi oppmodar elles trafikantar til å sjekka 175.no før ein skal ut og reisa. Her finn ein til ei kvar tid oppdatert informasjon om situasjonen på norske vegar.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Fodnes ferjekai. Illustrasjonsfoto: Lars Olve Hesjedal, Statens vegvesen
Fodnes ferjekai. Illustrasjonsfoto: Lars Olve Hesjedal, Statens vegvesen
Last ned bilde

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen
Statens vegvesen
Postboks 1010 Nordre Ål
2605 Lillehammer

22 07 30 00http://www.vegvesen.no

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye