Kommunen fekk tidlegare i år tilsegn om midlar frå NVE til kartlegginga, og har engasjert Sweco AS til å gjennomføre oppdraget med å kartlegge kritiske punkt, vurdere farepotensiale for bustadhus og viktig infrastruktur spesielt, og prioritere moglege sikringstiltak. Kartlegginga er ikkje full faresonekartlegging for bustadar i kommunen, men vert eit viktig vurderingsgrunnlag for arealplanlegging framover og for prioritering av tiltak.

Sweco skal denne veka gjennomføre kartlegging ute i feltet, og det vil difor vere personar som går ute i terrenget og langs bekkar og vassdrag for å kartlegge situasjonen i elvane/bekkane. Dersom det er spørsmål til kartlegginga, ta gjerne kontakt med arealplanleggjar Monika Lysne (tlf. 90516686).  

Les gjerne meir om kartlegginga her: Tilskudd til kartlegging av kritiske punkt i bekker og bratte vassdrag - NVE