Vestland fylkeskommune lyser ut Tilskot til kulturbygg.  Lærdal kommune er ein del av søknadssystemet og fyrste mottakar av søknaden for ordninga Dersom det er fleire søknadar skal søknadane handsamast politisk gjennom vedtak av eiga prioriteringsliste som igjen skal sendast til Vestland fylke. 

Tilskot kan gjevast til kulturhus, fleirbrukslokale eller spesiallokale for kunst og kultur, som bibliotek, bygg for museum eller andre kulturverntiltak, scenekunstlokale, konsertsal eller formidlingslokale for biletkunst. Tilskot kan og gjevast til etablering av livssynsnøytrale seremonirom. Midlane kan nyttast til nybygg, ombygging og modernisering av kulturbygning, men ikkje til vedlikehald eller drift.

 

Kven kan søkje?


• kommunar, kommunale føretak og fylkeskommune
• frivillige lag og organisasjonar
• aksjeselskap (AS), allmennaksjeselskap (ASA), samvirkeføretak (SA) og andre   selskap med avgrensa ansvar (BA)
• stiftingar
• andre samanslutningar

 

Korleis søkje?

  • Søknadsprosessen skal gjennomførast via Anleggsregisteret.no
  • Fyrste steg – Ta kontakt med Lærdal kommune som hjelpa degl med å registrera anleggsstad og oppretta anleggsnummer – dette er ein føresetnad for å få byrja å registrera søknad.
  • Er anleggsstad og anleggsnummer allereie etablert kan søknadsprosessen iverksetjast via Anleggsregisteret.no og vidare til fana – Lokale kulturarenaer – og deretter til Søknadsskjema. For å få tilgang til søknadsskjema må du bruke BankID eller anna identifikasjonssystem som er akseptert.
     

Har du spørsmål til søknadsordninga, kan du kontakta rådgjevar for kultur Guro Nesse