14. nov. 2020 kl. 09:02

Informasjon om Koronaviruset

Les mer

Skal bli Trafikksikker kommune

- systematisk arbeid for eit tryggare lokalmiljø


Trafikktryggleiksarbeidet er avhengig av ein brei og samla innsats der fleire sektorar er involverte for å førebyggje og redusere trafikkulukker. Kommunen er ein viktig aktør i trafikktryggleiksarbeidet. Som vegeigar, barnehage- og skuleeigar, arbeidsgivar, kjøpar av transporttenester og ansvarleg for helsa og trivsselen til innbyggjarane har kommunen eit stort ansvar for å førebyggje ulukker.

Trygg Trafikk har utarbeida kriterium for ein Trafikksikker kommune. Trafikksikker kommune byggjer på ei godkjenningsordning. At ein blir godkjend, betyr ikkje at det ikkje lenger vil skje trafikkulukker, men godkjenninga er eit kvalitetsstempel på godt, målbevisst og samordna arbeid med trafikktryggleik.

Lærdal kommune har no starta sertifiseringsprosessen for å bli Trafikksikker kommune. Prosessen vil ta noko tid, og vil kreva systematisk dokumentasjon og rutineutarbeiding frå fleire sektorar i kommunen. Foreldre i barnehagar og skular vil bli informerte og inkluderte gjennom FAU og foreldremøte. Politiet, kommuneoverlege, helsestasjonen, tekniske tenester, oppvekst, plan og kultur er alle involvert i sertifiseringsprosessen. Me vil nytte heimesida aktivt for å informere om arbeidet, og vil her leggja ut ein del informasjon og kampanjar dei neste månadane.

Når det gjeld fysiske trafikktryggleikstiltak, veit me at mange har innspel om tiltak som burde gjerast. Me vil her informere om at kommunen skal revidere Trafikktryggleiksplanen i 2021, og vil då gjennomføre ein stor medverknadsprosess for å få inn nye innspel. Me set stor pris på engasjementet til innbyggjarane i trafikktryggleiksarbeidet, og håpar på godt samarbeid med innbyggjarar, folkevalde og sektorane i organisasjonen for målretta arbeid for å betre trafikktryggleiken i heile kommunen.

De kan lese meir om Trafikksikker kommune her (trykk på linken)