14. nov. 2020 kl. 09:02

Informasjon om Koronaviruset

Les mer

Kosen ungdomsklubb

Lærdal kommunale ungdomsklubb, Kosen, har alltid vore lokalisert i Gamleskulen og har vore open for ungdom i alderen 13-18 år. Opningstidene har vore tysdag og torsdag 18.30-22.00. Klubben har som oppgåve å legge til rette for ulike sosiale aktivitetar for ungdom i fritida. Vaksne skal vere tilstades for ungdommane og det skal vere ein sosial møteplass med gode og positive opplevingar. Me ynskjer å legge til rette for utvikling og kreativitet.

På klubben har me aktivitetar som biljard, bordtennis, ulike spel, TV spel osb. Det har alltid vore kjøken der ungdommane sjølve har sal av pizza, brus og noko snop.

12. mars 2020 kom det lille viruset Covid-19, som skulle sette ei heil verd ut av spel. Ungdomsklubben vart stengt. Bygget har hatt behov for omfattande utbetdringar over lenger tid, og det var ikkje lenger forsvarleg å opne opp for ungdommane i dette bygget. Kommunen og politikarane jobbar framleis med å finne eit godt alternativ til det gamle klubblokalet. Medan dei jobbar med dette, har me heldigvis fått til eit midlertidig klubblokale, i Kulturhuset. 

Den midlertidige klubben/ungdomskafèen opna torsdag 1.oktober. Tilbodet er fyrst og fremst retta mot 8.-10.klasse pga smittevernomsyn. Eigne ordensreglar og smittevernrutinar er hengt opp rundt i lokalet, og lagt ut på Kosen si eiga Facebookside 

Hugs god handhygiene

Velkommen!

Aktivitetsplan.docx PDF document ODT document

Ordensreglar.docx PDF document ODT document

Rutinar smittevern.docx PDF document ODT document