Lærdal kommunale ungdomsklubb, Kosen, har alltid vore lokalisert i Gamleskulen og har vore open for ungdom i alderen 13-18 år. Opningstidene har vore tysdag og torsdag 18.30 - 22.00. Klubben har som oppgåve å legge til rette for ulike sosiale aktivitetar for ungdom i fritida. Vaksne skal vere tilstades for ungdommane og det skal vere ein sosial møteplass med gode og positive opplevingar. Me ynskjer å legge til rette for utvikling og kreativitet.

På klubben har me aktivitetar som biljard, bordtennis, ulike spel, TV spel osb. Det har alltid vore kjøken der ungdommane sjølve har sal av pizza, brus og noko snop.

Ungdomsklubben held til i midlertidig lokale i 1.etg på rådhuset. Administrasjonen og politikarane jobbar med å finne eit godt alternativ for permanent ungdomsklubblokale. Tilbodet er fyrst og fremst retta mot 8.-10.klasse pga smittevernomsyn. Eigne ordensreglar og smittevernrutinar er hengt opp rundt i lokalet, og lagt ut på Kosen si eiga Facebookside 

Hugs god handhygiene

Velkommen!