Utlysing av tilskotsmidlar til verdsarvområde Vestnorsk fjordlandskap – Nærøyfjordområde

Undredal

Aurland kommune lyser med dette ut tilskot til tiltak i verdsarvområde Vestnorsk fjordlandskap – Nærøyfjorden.
Søknadsfristen er fortløpande med siste frist 1.september 2020.

Tildeling av midlar vert i tråd med utarbeida retningslinjer. Formålet med tilskotsordninga er å styrke landbruket i verdsarvområda. Dette vert lagt til grunn for kommunen sin forvaltning av ordninga.

Kommunen har sett opp fylgjande budsjett for bruk av midlane i 2020:

Årlege tiltak: kr 2.700.000
Andre tiltak: kr 1.100.000
Felles tiltak: kr 300.000

Det er utarbeida retningslinjer for tilskotsordninga.

Det er frå 1.1.2020 Aurland kommune som forvaltar ordninga for dei 4 verdsarvkommunane, Aurland, Voss, Vik og Lærdal.

Kontaktinformasjon:
Felles Landbrukskontor ÅLA – tlf 57641200
Sakshandsamar: Ove Ingvar Feidje: ove.ingvar.feidje@laerdal.kommune.no
Landbrukssjef Magnhild Aspevik: magnhild.aspevik@laerdal.kommune.no