I tre år har Nordfjella-regionen hatt utvida jakttid. Dette for å leggja til rette for auka felling. I Årdal, Lærdal og Aurland vart det no sist jaktsesong felt 144 hjort i den utvida jakttida. Total felling var 1024 hjort. Andel felt i den utvida jakttida var såleis ca 14%, og har vore aukande dei tre åra. 
Miljødirektoratet føreslår no utvida jakttid frå 15. august – 31. januar for elg og hjort i kommunane kring Nordfjella og Hardangervidda. Frist for innspel er 30. mai.

Sjå her for høyringsdokument
 

Felles Landbrukskontor ÅLA