Varsel om ekstrem høg vass-stand

Stormflo

Meteorologisk institutt (Met) varslar om ekstremt høg vass-stand (raudt nivå) 10 og 11. februar for Vestland.

Den høge vass-standen er ein kombinasjon av høgt tidevatn og oppstuving av vatn som følgje av vind mot kysten og lågt trykk. Vass-standen vil vere høgst natt til tysdag mellom 23.00 og 03.00, og Met  forventar at vass-standen vert høgare enn under ekstremveret Didrik i januar.