NVE sende ut varsel om fare for flaum, og jord-, sørpe- og flaumskred på oransje nivå for Vestland, gjeldande frå onsdag 12. januar. Tysdag oppgraderte NVE varselet om jord-, sørpe- og flaumskred til raudt nivå for følgjande kommunar i Vestland: Sogndal, Stryn, Gloppen, Sunnfjord, Sogndal, Luster, Lærdal og Årdal.

NVE oppmodar folk om å starta førebuande tiltak alt no, og peiker på at det er viktig å halda stikkrenner, kummar og andre vassvegar fri for snø/is, grus, søppel, kvist og lauv. Tette vassvegar med oppdemt vatn kan føra til skred. Lærdal kommune ber innbyggarane vera varsame og følgja oppmodingane frå NVE.

Det er venta at det vil gå svært mange jord-, sørpe- og flomskred. Fleire kan få store konsekvensar. Det er venta 100-150 mm nedbør, lokalt nærmare 200 mm i perioden onsdag-torsdag.

Les meir om eigenberedskap og kva du bør ha heime.