NVE melder at det er venta mykje regn og tidvis kraftige regnbyger frå torsdag morgon til fredag kveld. Indre strøk av Vestlandet vil få dei største mengdene, men det vil vera store variasjonar i kor mykje nedbør som kjem. Bratte skråningar, samt bekkar og elvelaup med stor vassføring er spesielt utsett for jord- og flaumskred. Det er og varsla vindkast på gult farenivå i same område.

Råd til innbyggjarane
Hald deg unna bratte skråningar, samt bekkar og elvelaup med stor vassføring. Hald stikkrenner, kummar og andre vassvegar fri for snø/is, grus, bos, kvist og lauv. Tette vassvegar med oppdemma vatn kan føre til skred. 

Les heile varselet her: Flom- og jordskredvarsel | Varsom.no