Varsel om vårflaum - kva bør du gjere?

Notodden  20150916. Rundballer flyter rundt på et jorde etter de siste dagers regn. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

På grunn av dei store snømengdane i fjellet i år, er det berekna over 50 % sannsynlegheit for at me får stor vårflaum med stort skadepotensiale i kommunen. Dette gjeld ikkje berre i Lærdalselva, men og sideelvane. Sjølv om Lærdalselva er regulert, kan det likevel vera fare for flaumsituasjonar.  Det er forventa at elvane vil stiga i løpet av 1-2 veker, og det er forventa fleire flaumtoppar i vekene som kjem, kanskje heilt fram til juli. Flaumsituasjonen vil vera avhengig av været (temperatur, vind, nedbør). 

Me oppfordrar ALLE til å gjere førebyggjande tiltak raskt, for å unngå flaumskadar. Dette kan vere f.eks:

  • ikkje lagre rundballar, landbruksmaskiner, massar, trevirke, bilar, campingvogner eller andre gjenstandar eller bos langs elvekantar (også mindre sideelvar). Rydd i god avstand frå elva, tilfelle elva renn over eller tek nye løp.
  • vurdere å sikre/forankre gapahukar, utedoar, bruer o.l. som er plassert langs elvekantane
  • tøm kjellarar.  Dette gjeld spesielt for husstandar på Lærdalsøyri, men og andre stadar i bygda der vatn kan trenge inn i kjellarane.  Vurder å sette opp pumpe eller anna ordning ved store utfordringar med grunnvatnet, og ha dette klart.
  • reinsk stikkrenner, kummar og kulvertar.  Sikre god kapasitet og førebygg tidleg, vatnet kan stige raskt.

Meld gjerne frå til kommunen om de har bekymring for område som kan vere spesielt utsett for flaum (med skadepotensiale).

Lærdal kommune arbeider no med flaumførebyggjande tiltak fleire stadar, blant anna i Oftaelvi, Kjerringgjel og i Lærdalselvi ved Saltkjelen bustadfelt. Noko av arbeidet er i gang, noko vil truleg starte i løpet av få dagar.

Kommunen har i dag vore på telefonmøte om vårflaumen med Fylkesmannen. Oppsummering frå møtet kan lesast her: https://www.fylkesmannen.no/vestland/samfunnstryggleik-og-beredskap/beredskap/telefonmote-om-varflaumsituasjonen/

Ta gjerne kontakt med kommunen om de har spørsmål eller innspel til det skadeførebyggjande arbeidet.