For mange er fyrverkeri ein viktig del av nyttårsfeiringa, og det er lov for private å senda opp visse typar fyrverkeri mellom klokka 1800 den 31.desember og klokka 0200 den 1. januar. Då må dette gjerast på ein plass så det ikkje er fare for liv, helse, miljø og materielle verdiar - ein skal også ha sløkkjeutstyr tilgjengeleg. Meir om lover og reglar kan ein lesa ved å klikka på denne lenkja.

Vidare oppmodar brannsjefen om å vera ekstra merksame på vinden no når 2024 blir til 2025 - det er meldt til dels sterk vind på kvelden nyttårsafta i Indre Sogn. Viss du klikkar på denne lenkja ser du at Yr.no (per kl. 14.00 den 30.desember) melder middelvind på 6-7 m/s frå klokka 18 nyttårsafta og utover mot midnatt, og tidvis vindkast på oppi 17-18 m/s. 

Det er ganske sterke vindkast som kan blåsa rakettar i ei annleis bane enn ein såg føre seg, og som kan blåsa heile fyrverkeribatteri over ende - noko som openbert er svært farleg.  

Som kjent kan også dyr bli skremde av fyrverkeri - ved å klikka på denne lenkja til ein artikkel frå Den Norske Veterinærforening kan ein lesa meir om korleis verna dyret sitt.

Med andre ord - ha ei strålande nyttårsfeiring, men hugs på å ta omsyn og førehandsreglar ved bruk av fyrverkeri!