Ordninga skal forvaltast i tråd med Forskrift om tilskudd til tiltak i Utvalgte kulturlandskap i jordbruket og verdensarvområdene Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap.

Formålet med tilskotsordninga er å styrka landbruket i verdsarvområda. Saman med reglar for tildeling av tilskot, er dette lagt til grunn for kommunen sin tildeling av midlar. 

Det er komme inn mange gode søknadar i 2021, og det er løyvd midlar til mange gode tiltak. Samla er det løyvd kr 6.339.548.
 
Bøndene i Nærøyfjorområde legg ned ein god og viktig innsats for å ta vare på landbruket i verdsarvområde og for produksjon av mat. 

Oversikt over handsama søknadar i 2021.