Onsdag 11. oktober kl 17-19 i kommunestyresalen kan du få hjelp til å søkje på PT (produksjonstilskot) og RMP-midlar (regionalt miljøprogram) av Landbrukskontoret ÅLA. 
Bruk av gardskart og andre relevante nettsider vil me og vise.  

Du må ta sjølv ta med pc og bakgrunnsmateriale for utfylling av eigen søknad, så hjelper me til!

Ordførar Audun Mo kjem – og me stiller med kaffi og noko attåt. 

Meld ifrå innan fredag 6. oktober på e-post til beate.stolen@laerdal.kommune.no om du ynskjer å koma.

Fint om du kan skriva kort kva du ynskjer hjelp med i søknadane– og om det er andre tilskotsordningar du og synes er vanskelege.