Situasjonen for innbyggjarane på Gaza blir verre, dag for dag. Over 30.000 er drepne, og meir enn 70 % av dei er kvinner og barn. Langt fleire er skadde og sakna. Nesten alle sjukehusa i Gaza er knuste til ruinar, så det er svært vanskeleg for sjuke og skadde å få helsehjelp. I tillegg blir svolt brukt som våpen mot palestinarane. Nauda er ufatteleg, og behovet for hjelp er enormt.

Lærdal er vennskapskommune med Jeriko i Palestina, og lærdølene går no saman i ein brei dugnad for å samla inn pengar til helsehjelp til Gaza. 1. mai kl. 19 blir det ein stor solidaritetskonsert i Hauge kyrkje. Der bidreg eit mangfald av musikarar både frå Lærdal og nabobygdene, og vi vonar både lærdølene og andre sogningar går mann av huse og fyller Hauge kyrkje denne kvelden, seier Kristen Olav Grøttebø, Tom Karlsrud og Anna Avdem, tre av dei som står bak dugnaden. På konserten bidreg kor og korps, Longhorn, ungdomsband og spelemannslag, og ikkje minst ei rad framståande enkeltartistar. Bak arrangementet står alle politiske partia, kyrkja og fleire andre organisasjonar i Lærdal.

Billettinntektene og andre gåver som kjem inn i samband med konserten, går uavkorta til NORWAC, ein norsk humanitær organisasjon som arbeider med helsehjelp i Palestina og for palestinske flyktningar i Midtausten. Dei er inne i Gaza no, og dei sender stadig sine helseteam inn dit med livreddande medisin og utstyr.

Billettar til konserten kjøper ein på førehand på TicketCo, eller ved inngangen. Ein kan også gje gåver til NORWAC på Vipps. Hjelpa frå Lærdal er kanskje berre ein dråpe i havet, men viss mange nok bidreg, blir det mykje meir enn ein dråpe og dess fleire får hjelp, avsluttar arrangørane optimistisk.