Her i Lærdal har me både segner og naturformasjonar som er direkte knytt til denne ferda, så vi har eit svært godt utgangspunkt for å feira denne viktige ferda gjennom dalen vår for tusen år sidan.

Olav den heilage satte igjen fleire spor etter seg i Lærdal. Dei mest kjende er trollet Jutlamannen og Olavsklemma i Galdane.

Jubileet er ein del av nasjonaljubileet Norge i 1000 år

Arrangement i sommar

Onsdag 7. juni, Lærdal folkebibliotek, kl. 18.00 (Klikk her for meir informasjon)

Då Noreg vart Noreg, ved Pål Berg Svenungsen, Førsteamanuensis i historie, ved Høgskolen på Vestlandet

Kvifor vart Noreg samla til eitt rike, og føregjekk prosessen eigentleg slik Snorre Sturlason og dei andre sagaforfattarane fortel? Viss ikkje, korleis og kvifor vart Noreg samla til eit rike? 

Dette føredraget ser nærare på rikssamlingsprosessen i Noreg i vikingtid og tidleg mellomalder, der nokre stikkord er vikingferder, kristendom og geografi.

Torsdag 8. juni, Borgund stavkyrkje kl. 19.00 og 20.30 (Klikk her for meir informasjon)

Konsert: Stavkyrkjesong

Om dette rommet kunne syngje

Stavkyrkjesong er eit samarbeid mellom vokalensemblet Tabula Rasa (Bergen), komponist Jostein Avdem Fretland (Lærdal) og scenograf Matias Askvik (Borgund). 

I konserten Stavkyrkjesong blir to komponentar vovne saman til eitt samanhengande verk. Den eine delen er nyskriven musikk av Jostein Avdem Fretland, og den andre delen av verket er improvisatorisk og tek utgangspunkt i lydane som klang i desse romma.

I tillegg vil overrekking av Olavsflammen til Lærdal kommune skje kl. 20.00 utanfor Borgund stavkyrkje

Laurdag 10. juni, Hauge kyrkje, kl. 14.00 (Klikk her for meir informasjon)

Konsert: Stavkyrkjesong

Stavkyrkjesong er eit samarbeid mellom vokalensemblet Tabula Rasa (Bergen), komponist Jostein Avdem Fretland (Lærdal) og scenograf Matias Askvik (Borgund)

Laurdag 29. juli, Borgund stavkyrkje, kl. 16.30

Olsokgudsteneste med pilgrimsvandring i Vindhella

Pilgrimsvandring med Olavtekstar langs historiske Vindhella med Kjetil Netland og Anna J. Avdem. Oppmøte i Rimskjold kl. 16.30.

Olsokgudsteneste i middelaldertradisjon ved Kjetil Netland i Borgund stavkyrkje kl. 18.00

Fortidsminneforeininga inviterer alle til kyrkjekaffi i besøkssenteret etter gudstenesta.

Arrangement i haust

Søndag 3. september, Sjurhaugen – Galdane, kl. 11.00

Kom deg ut-dagen og kulturminnedag.

Bornas turlag tek turen til Olavsklemma og Galdane.

Sal av lappar og kaffi i Galdane ved Lærdal frivilligsentral.

Fredag 3. november, Lærdal kulturhus, kl. 19.00

Konsert Trio Lærdal​

Trio Lærdal spelar folkemusikk frå Lærdal. Trioen såg dagens lys i 2018 då den kjende trekkspelaren Tom Karlsrud slo seg saman med gitaristen Gudmund Bolstad Skjær og folkesongaren Liv Ulvik. 

Dei to siste er tremenningar og kjem frå kvar sin nabogard i Lærdal. Saman spelar dei folkemusikk, med fart og driv, med naturlengt og vedmod, med slåttetralling og dansetakt.

Tom Karlsrud - toradar, Lik Ulvik - song, Gudmund Bolstad Skjær - gitar

Lista over arrangement blir oppdatert etter kvart.