Multiconsult er engasjert til å utarbeide moglegheitsstudie for alternative løysingar for sikring, og det vart i samband med dette arbeidet invitert til møte og synfaring tysdag 13. februar 2024. 

NVE og kommunen inviterte her til presentasjon frå Multiconsult AS og spørsmålsrunde i kommunestyresalen fyrst, deretter ein teknisk befaring langs heile det aktuelle tiltaksområde frå fjorden til Hauge.

Dei som var inviterte på dette opplegget var representantar frå NVE og kommunen, politikarar i Utval for miljø og samfunnsutvikling og representantar frå Østfold Energi, Lærdal Elveeigarlag, Vestland fylkeskommune, Statsforvaltaren i Vestland og Statens vegvesen.  

Statens vegvesen og fylkeskommunen var invitert fordi dei har pågåande prosjekt på vegsambanda (RV5 og fylkesveg Ofta-Skulevegen) som kan få relevans inn i flaumsikringsarbeidet. 

Det vart gjeve god informasjon frå Multiconsult på korleis dei legg opp arbeidet med moglegheitsstudien, ulike alternative løysingar for sikring dei jobbar med førebels, kva konsekvensar som skal kartleggjast for dei ulike tiltaka, framdriftsplan osv.  På synfaringa etterpå vart heile strekninga langs elva frå fjorden til Hauge gått i terrenget, og det var gode drøftingar undervegs blant fagpersonane. 

Lærdal kommune vil i mars kalle inn til grunneigarmøte for å informere om den pågåande prosessen, og for å hente inn innspel frå grunneigarane i det aktuelle tiltaksområdet. 

Les informasjon om flaumsikringstiltaket her (trykk på lenka)

Les informasjon frå NVE om flaumsikringstiltaket her (trykk på lenka)

 

Multiconsult presenterte opplegg for moglegheitsstudiet for deltakararne i kommunestyresalen