For å søke barnehageplass må du fylle ut skjema for søknad:

Klikk her for søknadsskjema for barnehageplass

Opptakskriterier for hovudopptaket

1. Barnehagelova § 12a gir alle born som fyller eitt år seinast innan utgangen av august det året det søkjast om barnehageplass, rett til å få barnehageplass frå august. Born fødd i september, oktober eller november får rett til plass frå den månaden dei fyller 1 år.

2. Born med nedsett funksjonsevne (jf. §13 i barnehagelova) eller med vedtak etter lov om barnevernstenester

3. Born i familiar med særlege sosiale/helse – eller miljøtilhøve som gjer at barnet kan ha nytte av opphald i barnehage

4. Sysken med rett på plass, har førerett til plass i same barnehage

5. Born med minoritetsspråkleg bakgrunn

6. Born som har plass i barnehage og som ynskjer endra opphaldstid eller å byta barnehage – born busett i krinsen

7. utover dette vert borna prioritert etter alder – eldre born vert prioritert framfor yngre born

Det er ein føresetnad at det er søkt om plass innan søknadsfristen til opptaket, og at barnet er busett i kommunen innan august månad, jf § 12a i barnehagelova.

Hovudopptaket skal ha melding om barnehagesituasjonen i kommunen med omsyn til tal på tildelte plassar, kor mange søkjarar det har vore, og oversikt over eventuelle ventelister.

Løpande opptak

Det er løpande opptak i periodane 15.august – 1. november, og 1. januar – 1.mai dersom det er ledige plassar.

Søknad om barnehageplass skal gjerast gjennom det elektroniske søknadssystemet til Lærdal kommune. Ved særlege omstende og etter eigen søknad kan Rådmann fråvika regelen om alder.

Born som har fått barnehageplass, beheld denne til den vert sagt opp eller til barnet når skulepliktig alder. Oppstart i barnehagen er den 1. i månaden med unntak av hovudopptaket der oppstarten er 15. august. Mellom 1.mai og 15.august er det ikkje inntak av nye born i barnehagane.

Opptaksområda til dei kommunale barnehagane i Lærdal føl opptaksområda til skulane. Dersom bornet ikkje får barnehageplass i heimekrinsen og får tildelt plass i nabokrinsen, er barnehageplassen i nabokrinsen gjeldande for det gitte barnehageåret. Ved neste hovudopptak vert barna automatisk overført til heimekrinsen dersom det er plass. Rådmann kan ved særlege omstende fråvika krinsregelen.

Teljemåte ved tildeling av barnehageplassar

Born under 3 år tel for 2 barnehageplassar når det gjeld bemanning. I samsvar med gjeldande nasjonale forskrifter vert born rekna som 3 år frå august det året barnet fyller 3 år.

Opptaksnemnd

Ei opptaksnemnd skal stå for opptak av born til begge barnehagane. Denne nemnda er sett saman av tenesteleiar/styrar og rådgjevar oppvekst.

Formannskapet skal etter hovudopptaket ha melding om barnehagesituasjonen i kommunen med omsyn til tal tildelte plassar, kor mange søkjarar det har vore, og oversikt over eventuelle ventelister.

Klage

Formannskapet er klageorgan. Klagen må sendast skriftleg til kommunen og grunngjevast etter forskrift om sakshandsamingsreglar i barnehage § 7 Klagefristen skal vere tre veker etter at melding om heilt eller delvis avslag er gjeve. Denne retten gjeld kun søkarar som har søkt om barnehageplass innan søknadsfrist.