Avdelinga Plan og forvaltning har ansvar for forvaltningsoppgåver knytt til spesielt Plan- og bygningslova og Matrikkellova, men og andre lovverk i kommunen. Avdelinga handterer blant anna saker som omhandlar: 

- byggjeløyver og andre søknadar om tiltak og godkjenningar (f.eks. utsleppsløyver, midlertidige tillatingar osv.)
- kart- og oppmåling, endring og retting av matrikkel, kjøp og sal av kommunen sine eigedomar osv.
- reguleringsplanar, kommuneplanar, diverse høyringar. Les meir om planar og høyringar her (trykk på lenka)
- klimaomstilling, klimatilpassing, naturfare, klimagassutslepp osv.
- vassforskrifta, energilova, ureiningslova, osv. 
- tildeling og klargjering av bustadtomter, næringstomter osv.

Kontaktinformasjon/ansvarsfordeling på Plan og forvaltning

Byggjesakshandsamar Arnt Otto Øygarden
- Byggjeløyver, melding/søknad om tiltak, ferdigattestar, utsleppsløyver, brukstillatingar, tiltak i Lærdalselva, tiltak i verneområdet for Gamle Lærdalsøyri osv.
- Har 60 % stilling frå 1. februar 2023, er på kontoret tysdag, onsdag og torsdag
Tlf. arbeid: 940 02 469
Epost: arnt.otto.oygarden@laerdal.kommune.no 

Kommuneplanleggjar/fagleiar for Plan og forvaltning Monika Lysne
 - plansaker, dispensasjonar, konsesjonssaker for masseuttak, vasskraft og linjenettverk, diverse høyringar og uttalar, naturfare, eigedomsopplysningar osv.
Tlf. 905 16 686
Epost: monika.lysne@laerdal.kommune.no

Oppmålar Øystein Bøe (Lærdal kommune) og Jenny Stamnes (Sogndal kommune)
- Øystein er i stillinga fram til 01. februar 2023, deretter er Jenny innleigd frå Sogndal.
- kart- og oppmålingssaker, endring og retting av matrikkel, grensejusteringar osv.
Tlf. Øystein: 977 63 145
Epost Øystein: oistein.boe@laerdal.kommune.no 
Tlf. Jenny: 909 95 526
Epost Jenny: jenny.stamnes@sogndal.kommune.no 

Klimakoordinator Inger Oddrun Sverkmo
- oppfølging av kommunedelplan for Klima, energi og miljø, miljøfyrtårnsertifisering, klimagassutslepp osv.
Tlf. 479 02 669
Epost: inger.oddrun.sverkmo@laerdal.kommune.no