arealdelen

Ny Kommuneplan - arealdel

Kommunen har lenge arbeida for å få utarbeida ny arealdel i kommunen, og planprosessen er no i sluttfasen.  Det har vore eit krevjande arbeid, då gjeldande arealdel var svært utdatert. Norconsult har utarbeida framlegg til ny arealdel i kommunen, etter innspel frå grunneigarar, lag og organisasjonar, politikarane, administrasjonen og andre. Framlegget har vore lagt ut til offentleg ettersyn av Formannskapet, og det kom i høyringsperioden inn mange innspel. Det kom og inn motsegner frå offentlege myndingheiter, noko som gjer at kommunestyret ikkje kan vedta planen før det er prøvd å gå i dialog med dei offentlege myndigheitene om momenta i planen som dei går i mot. Dersom kommunestyret vedtek planen utan å ha løyst motsegnene, skal endeleg planvedtak gjerast på departementsnivå. I starten av 2023 er kommunen i dialog med dei offentlege myndigheitene om dei ulike motsegnene dei har til planen. Det er ei målsetting å løyse motsegner og leggje framlegg til ny arealdel fram til vedtak våren 2023.

Les meir om motsegner frå offentlege myndigheiter her (trykk på lenka).

Les meir om planprosessen for ny arealdel her