Lærdal kommune - fiskefond II

Fiskefond II i Lærdal kommune vart oppretta i 1965 i samband med løyve til utbygging av Lærdalsvassdraget. Frå utbyggjar får fondet årleg tilført midlar. I 2005 vart beløpet oppjustert til kr 206.158 (justering kvart 20 år).
 
Formålet med fondet:
Midlane skal nyttast til å fremja aurefiske i regulerte og uregulerte vassdrag (gjeld ikkje i vassdrag der det er anadrom laksefisk) 
 
Lærdal kommunestyre har i møte 29.03.07 sak 021/07 vedteke lokale retningsliner for Fiskefond II.
 

Tinging av setjefisk i Lærdal

I tråd med lokale retningslinjer for Fiskefond II, kan det tingast setjefisk (aure) for utsetting i fjellvatn.

Skjema for tinging av settefisk skal leverast til Lærdal kommune seinast 1. februar.

Retningslinjer for Fiskefond II

Årdal kommune - fiskefond

Fiskefond i Årdal kommune vart oppretta i 1984 i samband med løyve til utbygging av Nyset-Steiggjevassdraga. Frå utbyggjar, Østfold Energi, får fondet årleg tilført midlar. I 2008 utgjer dette beløpet kr 100.968. Fiskefondet har utarbeida vedtekter, og konto i Indre Sogn Sparebank.

Årdal kommunestyre har i møte 18.12.2008 k-sak 093/08 vedteke lokale retningsliner for bruk av fondet.
 
Formålet med fondet:
Midlane skal nyttast til kultivering og fremjing av fiske i elvar og vatn i Årdal kommune, og komma ålmenta til gode.