Vatn

Lærdal kommune har tre godkjenningspliktige vassverk. Dei er: Borgund vassverk, Saltkjelen vassverk og Hauge vassverk. Sistnemnde er eit nytt vassverk som knyter saman tidlegare Lærdal vassverk og Håbakken vassverk. Altså forsyner Hauge vassverk både Lærdalsøyri og Håbakken med vatn. 

Avløp

Lærdal kommune har avlaupsanlegg på Steinklepp, Saltkjelen, Håbakken og Lærdal. Kommunen har vedlikehald og tilsyn med ni pumpestasjonar, to infiltralsjonsanlegg i tillegg til renseanlegget på Grandane.

Prøvetaking

SognLab utfører kjemiske og bikrobiologiske labratorieanalysar, prøvetaking og rådgjeving innan områda drikkevatn, matvare, vassdrag og avløpsvatn.

Løysingar på kommunaltekniske anlegg

Den sokalla VA-norma (norm for vatn og avløp) representerer førehandgodkjente løysingar på korleis dei kommunaltekniske anlegga skal utformast. Norma er felles for alle kommunane i Indre Sogn inkludert Høyanger, og du finn den her under “Dokumenter”. I lista under kan du sjå teikningar av ulike løysingar som ligg i norma: 

VA Planprofil

Normteikning grøftesnitt 1 nivå

Normteikning grøftesnitt 2 nivå

Stikkleidningar vatn

Tilknyting avløp

Grøftestengsel leire

Grøftestengsel betong

Isolert_kum

Brannhydrant

Steinfangskum

Prinsippskisser SP OV Sandfang