Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Høyringar og kunngjeringar

Plan for oppstillingsplass for køyretøy og oppgradering av Voll bru er no på høyring

Statens vegvesen har utarbeida framlegg til løysing for oppstillingsplass for køyretøy under stenging av Lærdalstunnelen under oppgraderingsarbeidet. Oppstillingsplassen er planlagd ved Lærdalselva over Voll bru. I tillegg det gjerast større vedlikehaldstiltak på Voll bru, så reguleringsplanen inneheld også tiltak knytt til oppgraderingsarbeidet for brua. 

Illustrasjonsplan for løysingar

Planarbeid for å betra trafikktryggleiken langs Sjukehusvegen er i gang

Vestland fylkeskommune og Lærdal kommune har vore på fleire synfaringar, og planarbeidet er vedteke starta opp i politisk møte. Grunneigarar, Helse Førde/Lærdal sjukehus og Lærdal Elveeigarlag har vore tidleg involvert i prosessen med møter og synfaringar.

Sjukehusvegen

Detaljreguleringsplan for Hanseskogen på høyring

Lærdal kommune har arbeida med ein planprosess for fortetting og utviding av bustadfeltet Hanseskogen på Lærdalsøyri. Planarbeidet har har som føremål å leggje til rette for fleire bustadtomter og bueiningar på Lærdalsøyri.

Plankart for Hanseskogen

Kommuneplanen sin arealdel til offentleg ettersyn

Lærdal kommune har i lengre tid jobba med å få laga ny kommuneplan - arealdel for kommunen, og har fått hjelp av Norconsult til å utarbeide plandokumenta og gjennomføre konsekvensutgreiing knytt til endringane i arealføremål. Formannskapet har no vedteke å leggja framlegg til ny arealdel ut til offentleg ettersyn og høyring.

Plankart