For utdjupande reglar og vilkår knytt til grensejustering anbefalast det å sjå nærmare på matrikkelforskrifta §34 og matrikkellova §16

Viser det seg at vilkåra for grensejustering ikkje er oppfylt, til dømes om det omsøkte arealet er for stort, kan det overførast ved arealoverføring.

Slik søker du

Når du skal søka om grensejustering må du sende inn søknadsskjema og vedlegg, dette sendes til post@laerdal.kommune.no

Søknadsskjema

  • Bruk skjemaet «Rekvisisjon oppmålingsforretning» (link kjem)

Vedlegg til søknaden

  • Situasjonskart som syner eksisterande eigedomsgrenser, i tillegg til omsøkte grenser (nye grenser). Grensejusteringen må koma tydeleg fram. Kartunderlag kan hentast frå www.kommunekart.com