Me har mellom anna Noregs best bevarte stavkyrkje, Borgund. Kommunen har ei rik samferdslehistorie med mellom anna dei ulike historiske vegane. Dalen og fjellområda kring er rike på arkeologiske minner frå ulike periodar. På Lærdalsøyri har me eit av dei første verna trehusområda i landet, gamle Lærdalsøyri.

Freding av kulturminne

Kulturminner vert definert som alle spor etter menneskeleg verksemd. Dette betyr ikkje at alt er verneverdig. Me må gjere prioriteringar om kva kulturminne me vil verne.

Forvaltninga skil mellom automatisk freda kulturminne og etterreformatoriske kulturminne. Automatisk freda kulturminne er kulturminne eldre enn 1537 (reformasjonen), ståande bygningar eldre enn 1650, samiske kulturminne eldre enn 100 år og kulturminne i vatn og vassdrag eldre enn 100 år. 

Automatisk freding gjeld sjølve kulturminnet og ei sikringssone på minst fem meter kring det, om ikkje anna er vedteke av rette kulturvernmyndigheit. Etterreformatoriske kulturminne, frå tida etter 1537, kan fredast etter §20 i Kulturminnelova. Heile område kan fredast etter §19. Freding kan berre gjerast av Riksantikvaren etter enkeltvedtak heimla i Kulturminnelova.

Andre typar vern av kulturminne

Kulturminne, anlegg og kulturmiljø kan sikrast vern med regulering etter plan- og bygningslova (§11-8 bokstav c og §12-6). Kulturminna blir då lagt inn med omsynssone i ein reguleringsplan. Kommunen har mynde til denne typen regulering. Omsynssone erstattar spesialområde bevaring i PLB frå 1985. Gamle Lærdalsøyri er regulert til spesialområde bevaring.

På 1990-talet vart det gjort ei landsomfattande registrering kalla SEFRAK. Dette omfattar hus eldre enn 1900 og andre faste kulturminne frå tida etter 1537. SEFRAK-registreringa er ikkje komplett og gjev heller ikkje eit vern av bygningane. Om ein bygning er SEFRAK-registrert skal kulturminnemyndigheitene gje uttale i rive- og byggesaker.

Det er Vestland fylkeskommune som er rette forvaltningsmynde i høve til kulturminne (automatisk freda og etterreformatoriske kulturminne) og kulturmiljø/verneområde i kommunen.

www.riksantikvaren.no

www.kulturminnefondet.no

Lokalhistorie

Lærdal har til alle tider vore eit knutepunkt mellom sjø og land og mellom aust og vest. Lærdal satsar på eit kulturbasert reiseliv der historieformidling er ein viktig del. Kjende attraksjonar er til dømes Gamle Lærdalsøyri, Norsk Villakssenter, Borgund stavkyrkje og dei gamle vegane.

Lokalhistorisk arkiv

Lokalhistorisk arkiv er lokalisert på Lærdal folkebibliotek og tilgjengeleg i biblioteket si opningstid.

Bygdebøker