Måla med tenesta:

  • Å ivareta behov ved kort- eller langvarig funksjonssvikt.
  • Bidra til at den enkelte kan klare seg sjølv i størst mogleg grad, med naudsynt helsehjelp til heimen.
  • Bidra til at den som mottek hjelp etter kvart vert mest mogleg sjølvhjelpen.
  • Behov for heildøgns butilbod førebyggjer ein ved at det vert tilrettelagt for at dei som kan, får bu i eigen heim så langt det er mogleg og praktisk gjennomførbart.

Kriterie og vilkår

  • Heimesjukepleie vert tildelt personar som bur eller mellombels oppheld seg i Lærdal kommune og som grunna helsesvikt har behov for helsehjelp i heimen.
  • All tildeling av tenester vert gjort på bakgrunn av kartlegging av funksjonssvikt (IPLOS), helsetilstand og etter individuell vurdering der brukarmedverknad vert vektlagt.
  • Heimesjukepleie er eit tilbod til personar som på grunn av sjukdom og/eller funksjonsnedsetting ikkje sjølve har høve til å oppsøkja helsehjelp.
  • Behov for tenesta vert vurdert fortløpande.
  • Oppfølging av medisinsk handsaming.
  • Help til at grunnleggjande behov vert ivareteke.
  • Assistanse til lækjemiddelhandtering.
  • Omsut ved slutten til livet.

Anna

  • Innbyggjarar som treng akutt medisinsk/kirurgisk/psykiatrisk handsaming skal bli tilvist legevakt.
  • Det kan formidlast kontakt med frivillige, som eksempelvis frivillighetssentral ved behov for følgje til ulike tenester, t.d frisør, fotpleie, lege, opphald i helse- og omsorgssenter, spesialisthelsetenesta og andre ærend. Dette inngår ikkje i heimesjukepleie.
  • Alle som mottek heimesjukepleie i meir enn 3 månader har ret til fri tannlegebehandling ved offentleg tannklinikk.

Kva du kan forventa

  • Alt personell har teieplikt
  • Helsehjelpa vert utført av autorisert helsepersonell eller av andre under rettleiing av autorisert helsepersonell
  • Tenesteytar har respekt for deg, livssituasjonen din og heimen din alle tilsette skal legitimere seg
  • Tenesteytar vil samhandle med deg ved utføring av teneste og brukarmedverknad vert vektlagd
  • Me yt tenesta slik dei kjem fram av i vedtak du har fått, innanfor dei tidsråmene me er samde om og med det innhald som er skildra.
  • Om det av uføresette grunnar ikkje kan utførast teneste som avtalt, informerer vi deg snarast.

Forventningar til deg som mottek tenesta

  • At du gjer deg kjend med innhaldet i vedtaket ditt om helsetenester i heimen.
  • Deltek aktivt i planlegging og vurdering av tenesta.
  • Gir melding til helse- og omsorgstenesta ved fråver som rører avtalte tidspunkt.
  • Det vert forventa at tenestemottakar utfører dei oppgåver han/ho kan klare sjølv
    heimen din er og arbeidsplassen til tenesteutøvar når tenestemottakar mottek helsehjelp i eigen heim. 
  • Det vert forventa at det vert lagt til rette for eit godt arbeidsmiljø, slik at tenesteutøvar ikkje vert utsett for arbeid som medfører helserisiko, jfr. Arbeidsmiljølova. Herunder å akseptera naudsynt personleg utstyr og tekniske hjelpemiddel. Likeeins naudsynt tilrettelegging som eksempelvis ommøblering.
  • Tenestemottakar syt for at veg er framkommeleg og trygg uansett årstid lys ved utedør, slik at det er lett å finna fram.
  • God hygiene er viktig for både tenestemottakar og tenesteytar. Flytande såpe og tørkepapir skal vere tilgjengeleg.
  • Respekt for vår teieplikt, og at vi ikkje kan diskutere andre brukarar.
  • At du ikkje røykjer inne når dei tilsette er tilstades.
  • At husdyr vert halde på eige rom når dei tilsette er til stades.
     

Medikament, sårbehandling og kosthald

Administrering av medikament:

  • Det vert nytta som hovudregel multidose frå apoteket (ferdigdoserte medikament).
  • Assistanse til å få teke medikament i dei tilfelle der ein ikkje sjølv kan handtere dette direkte frå multidose eller dosett, til dømes om ein har svekkja hukommelse/vurderingsevne eller anna betydeleg nedsett funksjonsevne av fysisk, psykisk eller sosial art.
  • Injeksjonar der det medfører stort besvær å koma seg til legekontor for å få sett desse.
     

Sårbehandling:

  • I dei tilfelle der det medfører stort besvær å koma seg til legekontor og det finst fagleg grunngjeving frå lege om at sårstell må utførast av helsepersonell.
  • Prøvetaking og undersøkingar kan utførast i dei tilfella der det medfører stort besvær å koma seg til døme laboratorium/legekontor.

Kosthald:

  • Kartlegging og oppfølging i høve ernæringsmessig risiko
  • Tilrettelegging/smøring av brødmat
  • Matombringing (Utført av Lærdal frivilligsentral)
     

Helsetenester i heimen

  • Bistand til å stå opp og leggja seg
  • At personleg hygiene vert ivareteke, herunder bistand til dusj og hårvask, heilvask, barbering og tannpuss
  • Ordinær neglklypping (ytterlegare stell av negler/føter må ein få utført hjå fotpleiar)
  • Hjelp med/opplæring i bruk av inkontinensutstyr, stomistell, kateterisering og stell av urinkateter

(I tråd med Rettleiande standard for tenesta “helsetenester i heimen”, jmf. Helse- og omsorgstenestelova §3-2 pkt 6 bokstav a; personleg stell og omsut)

Diverse

  • Verdiane til kommunen er at respekt, engasjement, heider og likeverd skal prege tenestene våre.
  • Det kan oppstå akutte situasjonar som medfører at oppdrag vert forskyvde. Ved vesentleg forskyving skal det meldast til tenestemottakar.
  • Brukar må respektera at tenesteytar ikkje kan ta imot pengebeløp eller større gåver.
  • I tenesta arbeider både kvinner og menn. Om du ikkje vil ta i mot hjelp av ein av desse, risikerar du å ikkje få hjelp denne dagen. Det er ikkje mogleg å tilrettelegge med enkelte kjønn, eller einskilde personar som ikkje kan inn i heimen din.
  • Omsut ved slutten av livet: Det vert så langt det er mogleg tilrettelagt slik at tenestemottakar som ynskjer det får døy i eigen heim, omgjeve av sine næraste.


Tilsyn utan behov for praktisk gjeremål vert ikkje utført. Det kan søkjast om tryggleiksalarm.

Lærdal kommune skal syte for at personar som oppheld seg i kommunen vert tilbydd naudsynte helse- og omsorgstenester, jfr. Helse- og omsorgstenesteloven §3-1, §3-2 pkt 6 bokstav a.