§ 1 Drift og eigartilhøve

Lærdal kommune er barnehageeigar med tilsynsplikt etter Lov om miljøretta helsevern for dei kommunale barnehagane, Borgund barnehage og Lærdalsøyri barnehage

§ 2 Føremål og innhald

Barnehagen skal drivast i samsvar med §1 og §2 i Lov om barnehagar (føremål og innhald), kommunale vedtak og planar for den enkelte barnehage. Nynorsk vert nytta så langt som råd, også i songar og litteratur.

§ 3 Forvaltning og utval

Kommunestyret er forvaltningsorgan for barnehagane i kommunen. Barnehagane vert administrert av Rådmann. For å sikre samarbeidet med borna sin heim, skal kvar barnehage etter barnehagelova §4 ha eit foreldreutval (FAU) og eit samarbeidsutval (SU). Foreldre/føresette og tilsette vel sjølve sine representantar.

§ 4 Retningslinjer for opptak

Hovudopptak

Barnehagane i Lærdal har hovudopptak med søknadsfrist 1. februar.

Opptakskriterier for hovudopptaket

1. Barnehagelova §16 gir alle born som fyller eitt år seinast innan utgangen av august det året det søkjast om barnehageplass, rett til å få barnehageplass frå august. Born
fødd i september, oktober eller november får rett til plass frå den månaden dei fyller 1 år.
2. Born med nedsett funksjonsevne (jf. §18 i barnehagelova) eller med vedtak etter lov om barnevernstenester
3. Born i familiar med særlege sosiale/helse – eller miljøtilhøve som gjer at barnet kan ha nytte av opphald i barnehage
4. Sysken med rett på plass, har førerett til plass i same barnehage
5. Born med minoritetsspråkleg bakgrunn.
6. Born som har plass i barnehage og som ynskjer endra opphaldstid eller å byta barnehage – born busett i krinsen
7. utover dette vert borna prioritert etter alder – eldre born vert prioritert framfor yngre born

Det er ein føresetnad at det er søkt om plass innan søknadsfristen til opptaket, og at barnet er
busett i kommunen innan august månad, jf §16 i barnehagelova.hovudopptaket ha melding om barnehagesituasjonen i kommunen med omsyn til tal på tildelte plassar, kor mange søkjarar det har vore, og oversikt over eventuelle ventelister.

Løpande opptak

Det er løpande opptak i periodane 15.august – 1. november, og 1. januar – 1.mai dersom det er ledige plassar.

Søknad om barnehageplass skal gjerast gjennom det elektroniske søknadssystemet til Lærdal kommune. Ved særlege omstende og etter eigen søknad kan Rådmann fråvika regelen om alder.

Born som har fått barnehageplass, beheld denne til den vert sagt opp eller til barnet når skulepliktig alder. Oppstart i barnehagen er den 1. i månaden med unntak av hovudopptaket
der oppstarten er 15. august. Mellom 1.mai og 15.august er det ikkje inntak av nye born i barnehagane.

Opptaksområda til dei kommunale barnehagane i Lærdal føl opptaksområda til skulane. Dersom bornet ikkje får barnehageplass i heimekrinsen og får tildelt plass i nabokrinsen, er
barnehageplassen i nabokrinsen gjeldande for det gitte barnehageåret. Ved neste hovudopptak vert barna automatisk overført til heimekrinsen dersom det er plass. Rådmann kan ved
særlege omstende fråvika krinsregelen.

Teljemåte ved tildeling av barnehageplassar

Born under 3 år tel for 2 barnehageplassar når det gjeld bemanning. I samsvar med gjeldande nasjonale forskrifter vert born rekna som 3 år frå august det året barnet fyller 3 år.

Opptaksnemnd

Ei opptaksnemnd skal stå for opptak av born til begge barnehagane. Denne nemnda er sett saman av tenesteleiar/styrar og rådgjevar oppvekst.

Formannskapet skal etter hovudopptaket ha melding om barnehagesituasjonen i kommunen med omsyn til tal tildelte plassar, kor mange søkjarar det har vore, og oversikt over
eventuelle ventelister.

Klage

Formannskapet er klageorgan. Klagen må sendast skriftleg til kommunen og grunngjevast etter forskrift om sakshandsamingsreglar i barnehage § 7. Klagefristen skal vere tre veker
etter at melding om heilt eller delvis avslag er gjeve. Denne retten gjeld kun søkarar som har søkt om barnehageplass innan søknadsfrist.

§ 5 Oppseiing

Kommunen kan seie opp barnehageplassen med ein månads varsel pga misleghald.

§ 6 Foreldrebetaling

Kommunestyret fastset foreldrebetaling og retningsliner for søskenmoderasjon etter Føresegn om foreldrebetaling i barnehagar.

  • Det vert gjeve 30% reduksjon i betalinga for andre barnet (nest eldste barn som har plass i kommunal barnehage) og 50% for øvrige born (tredje eldste barn, fjerde eldste barn)
  • Maksimalprisen vert fordelt på elleve månader, der Juli er betalingsfri.
  • Born med A-plass skal vere henta innan 16.15 og born med B-plass innan 15.15 .

Det er innført gebyr ved for sein henting. Gebyret skal dekke meirutgifter og er sett til 165 kroner.

Friplass

Born som vert tildelt barnehageplass pga funksjonshemming etter § 5 i desse vedtektene skal ikkje betale for denne. Søknad om friplass vert gjort administrativt.

§ 7 Opningstider

Barnehageåret går frå 15.august eit år til 14.august neste år. Barnehagane er stengde på laurdagar, søndagar, helge- og høgtidsdagar og på jul- og nyttårsafta. Onsdag før
skjærtorsdag stengjer barnehagane klokka 12.00. Barnehagane har i tillegg stengt 5 planleggingsdagar for personalet. Det er redusert opningstid i romjula: kl. 07.30-15.30.

Opningstid for barnehagane:
Tilbod A: opphaldstid 8 ¼ - 9 ¼ time pr.dag innanfor opningstida : 07.00 - 16.15
Tilbod B: opphaldstid 6 ¾ time pr. dag : 08.30 - 15.15
Innanfor tidsramma på 9 ¼ time pr. dag, kan opningstidene tilpassast lokale behov.

Ferie

Alle borna skal ha fire veker ferie i barnehageåret. Minst tre veker skal vere samanhengande i perioden 15.juni til 15.august. Foreldre/føresette skal innan 15.april gje bindande melding om barnet si sommarferietid. Den 4. ferieveka er dei 5 planleggingsdagane. Dagane bør tilpassast skulane sine elevfrie dagar i størst mogleg grad. Samarbeidsutvala skal uttale seg om plasseringa av planleggingsdagane, Rådmann gjer vedtak.

Lærdal kommune gjev eit barnehagetilbod heile året, men i ferietida kan tilbodet avgrensast til ei avdeling/ein barnehage. Borgund barnehage held stengt 2 siste vekene i juli månad.

Planlegging

Barnehagane har 5 planleggingsdagar i løpet av barnehageåret, og desse dagane er barnehagane stengde.

§ 8 Arealnorm

Borna sitt leike- og opphaldsareal (netto inneareal) skal vere 4 m2 pr.barn over tre år, og 5,3 m2 pr.barn under tre år.

§ 9 Politiattest

Den som skal arbeide i barnehagen må legge fram tilfredstillande politiattest etter Barnehagelovens § 30

§ 10 Teieplikt og opplysningsplikt

Alle tilsette og vikarar har skrive under fråsegn om teieplikt etter Forvaltningslova §§ 13-13f

Personalet i barnehagane har opplysningsplikt til helsetjenesten og barnevernstjenesta slik det er skildra i barnehagelova §45 og 46

§ 11 Helseopplysningar

Naudsynt informasjon som barnehagen kan ha trong for å kjenne til, skal skrivast på skjemaet «Erklæring barnehage» som vert utdelt ved oppstart i barnehagen, Lov om barnehagar §50. Sjuke born skal ikkje vere i barnehagen. Dersom dei møter sjuke eller blir sjuke skal dei sendast heim frå barnehagen.

§ 12 Andre tilhøve

I særskilde høve kan styrar dispensere frå barnetalet på ei avdeling, slik at eit barn kan kome i tillegg til full barnegruppe for eit kortare tidspunkt. I slike høve må tilleggsbemanning
vurderast.