Dei tre legane har kvar si pasientliste i tillegg til kommunale oppgåver som t.d helsestasjonen eller tilsynslege ved Lærdal bu- og omsorgsheim. 
 
Når du treng time til lege, vert du sett opp til din fastlege. Dersom du tek kontakt same dag som du treng time på grunn av at noko akutt har oppstått, får du time til den som har legevakt den dagen. 

Timebestilling og reseptar

Du bestiller legetime ved å ringe oss, eller bestille via Helsenorge.no. Her kan du velje mellom vanlig legetime eller legetime via video.
 
Dersom du skal bestille time til blodprøvetaking, sårstell, fjerning av sting etc må du framleis ringe oss for å bestille time til dette.
 
Fornying av reseptar føretrekkjer me at du gjer dette via Helsenorge.no.  Hugs å fornya reseptane dine i god tid 
 
 

Fastlege

Kven som er din fastlege finn du på www.helsenorge.no si nettside. Der kan du også byte fastlege dersom du ynskjer det. 
 
Alle personar som i folkeregisteret har status som busett i ein norsk kommune, har rett til fastlege. Personar med D-nummer har ikkje rett til fastlege. Fylgjande grupper med D-nummer har likevel denne retten: 
  • Asylsøkjarar med D-nummer, og deira familie. 
  • NATO-personell med D-nummer, og deira familie.   

Fastlegar ved legekontoret er:
Fastlege Yasmin Akram
Fastlege Yaser Chaudary
Fastlege Maria Mouzaki

Nyttige telefonnummer

Legevakt: 116 117.
Sogn interkommunale legevaktsentral på Lærdal sjukehus er døgnbemanna, og tek imot telefonar til legevakta og handterer desse vidare.
 
Ved akutt sjukdom eller skade ring 113.

Korona

Ved mistanke om korona har me fortsatt heimetestar til utdeling på helsesenteret.

Det er i dag ingen krav om testing, men dersom du er sjuk og har påvist korona skal du halde deg heime til du er frisk. 

Dersom du har spørsmål om korona kan du ringe oss eller lese meir på FHI sine sider.