Nærings- og konsesjonsavgiftsfondet blir årleg tilført midlar gjennom konsesjonsavgifta frå Østfold Energi. Desse midlane skal nyttast til næringsutvikling gjennom arbeid med næringsutvikling i kommunal regi eller tilskot til næringsdrivande. 

Under følgjer ei oversikt over dei ulike ordningane, søknadsskjema og andre relevante dokument. Nedst på denne sida kan du lesa om gangen i søknadsprosessen.

Søknad om tilskot

Frå denne ordninga kan ein hovudsakleg søkja om tilskot til:

  • Bedriftsetablering
  • Vidareutvikling av bedrifta
  • Forstudie/forprosjekt
  • Investering
  • Kompetansehevande tiltak i bedrifta

Trykk på lenkja for å opna søknadsskjema, som kan lastast ned og fyllast ut:  Søknadsskjema for næring- og konsesjonsavgiftsfondet PDF document ODT document

Vedlegg til søknaden:  Mal for forretningsplan PDF document ODT document

Vedtektene for fondet

Før ein søkjer om tilskot kan det vere lurt å setje seg inn i Vedtekter for næring- og konsesjonsavgiftsfondet.  I vedtektene blir det mellom anna oppgitt kva ein kan søkja om tilskot til, støtteandel og kva som blir lagt vekt på i vurdering av søknadane.

 Det kan vidare vere lurt å ta ein prat med næringsrådgjevar i kommunen for rettleiing før du sender inn søknad om tilskot. 

Tilskot til landbruk

Du kan søkje om tilskot til landbruksrelaterte saker. Føringane for tilskot finn du i Felles landbruksplan ÅLA 2018 - 2021.

For søknad om tilskot til investeringar, kompetansehevande tiltak, forprosjekt eller liknande, bruk same søknadsskjema som for «ordinære tilskot» (sjå lenger opp på sida)

For søknad om tilskot til dyrking, trykk på lenkja for å sjå søknadsskjema som kan lastast ned: Søknadsskjema dyrking

Saksgang ved søknad om tilskot

  • Alle som ynskjer å søkje om tilskot frå nærings- og konsesjonsavgiftsfondet vert oppmoda om å ta kontakt med næringsrådgjevar i kommunen for ein førehandskonferanse
  • Alle vert oppmoda om å nytta søknadsskjema som ligg tilgjengeleg på denne sida
  • Søknaden blir handsama av næringsrådgjavar og blir i hovudsak avgjort av formannskapet som er fondstyret. Enkelte saker kan handsamast innafor kommunedirektøren sin delegerte fullmakt. 
  • Ved tilsagn får søkjar tilsendt brev om vedtak, og det vert sendt ut eige tilskotsbrev med informasjon om vilkår for tilskotet, og skjema for aksept av vilkåra som gjeld for tilskotet. Skjema for aksept av vilkår skal fyllast ut og returnerast til kommunen før tilskotet kan effektuerast.
  • Ved avslag får søkjar tilsendt brev om vedtak med informasjon om klagefrist
  • Ved tildeling av tilskot frå kommunen gjeld i all hovudsak reglane for bagatellmessig støtte.