Kommunal plan for inkluderande barnehage- og skulemiljø
Inkluderande barnehage- og skulemiljø er ei nasjonal satsing som er leia av Udir. Delar av denne planen er henta frå felles plan for kommunane i Sogn. Tidlegare har Sogn Regionråd vedteke Regional plan for arbeidet med god psykisk helse hjå barn og unge. Desse to planane, saman med føringane i nasjonalt planverk for barnehage og skule, ligg til grunn for Lærdal kommune sin lokale plan.
Planen er gjeldande frå 2018-2020.
![]() |
Mari-Kristine Morberg og Aina Drage er mobbeombod i Vestland. Foto: Bjarte Johansen, Vestland fylkeskommune |
Mobbeombod i Sogn og Fjordane
Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø. Mobbeombodet i Vestland er eit tilbod til alle barn og unge, og deira foreldre, som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen. Mobbeombodet rettleier i saker som handlar om psykososialt miljø, om barnet sine rettar og korleis du kan gå fram om eit barn ikkje har det bra. Mobbeombodet har teieplikt.
Alle kan ta kontakt med mobbeombodet; på telefon 57 30 03 33 eller på e-post mobbeombod@vlfk.no
Du kan følgje ombodet på Facebook eller på Instagram.
Du kan lese meir om ombodet og korleis du kan få hjelp nettsida til mobbeombodet.
Tett på barn og unge i Lærdal
Med bakgrunn i dette var det oppretta ein prosjektplan med tilhøyrande tiltaksplan som omfamna alle tenestene og kommunen som heilheit. I desse planane er det lagt opp til fleire tiltak som er felles for dei ulike tenestene og forslag til forskjellige samarbeidsarenaer/møteplassar. Både når det for eksempel. gjeld undervisning i skulen, foreldrerettleiingsprogram, forslag til faste møtepunkt og tiltak for felles kompetanseheving for å sikre «felles front» i arbeidet med den aktuelle brukargruppa. Ressursgruppa vart kontakta for innspel undervegs i prosessen og planane vart sendt på høyring til alle involverte partar før dei var meldt opp til utval for levekår og vedteke i feb. 2022. Etter tilbakemelding frå ressursgruppa er det tydeleg skissert behovet for ein koordinator for det førebyggande og tverrfaglege arbeidet i prosjektplanen for å syte for ein raud tråd i mellom einingane/tenestene/instansane, syte for kontinuitet i dei tverrfaglege møtepunkta og syte for felles forankring av tiltak på tvers av einingane.
Info om prosjektet BTI (betre tverrfagleg innsats)- samhandlingsmodell i Lærdal kommune
Som ein del av prosjektet «Tett på born og unge i Lærdal» har Lærdal kommune søkt og fått innvilga 1 000 000,- kr i tilskotsmidlar frå Bufdir til å utvikle ein samhandlingsmodell i kommunen. Hensikta med ein samhandlingsmodell er å sikre tidleg identifisering og oppfølging av utsette barn. Det er bestemt at Lærdal skal nytte BTI modellen. Modellen nyttast av om lag 150 andre kommunar i Noreg, deriblant Årdal og Sogndal. Modellen skal brukast av alle som arbeider med gravide, born, ungdom og foreldre/føresette og skal sikretidleg innsats, samordning av hjelpetiltak, systematisk og lik oppfølging til brukargruppa. Brukarane sin rett til å medverkei eigen sak står sentralt i BTI modellen. I modellen skal det utarbeidast ein handlingsrettleiar som skal vere oppskrifta på korleis ein skal gå fram dersom ein undrar seg over eit born, altså gangen frå bekymring til handling. Samhandlingsmodellen og handlingsrettleiaren skal digitaliserast og vere tilgjengeleg for alle, også innbyggarar i kommunen.
I utviklinga av modellen er det viktig at brukargruppa får medverke og kome med innspel til kva som er viktige for dei. Dette skal gjerast gjennom å innhente innspel gjennom workshops og spørjeskjema. Ungdomsrådet og utval for levekår er allereie orienterte om prosjektet. Dersom nokon har spørsmål om prosjektet kan ein ta kontakt med prosjektleiar Silje Eidsgaard Langehaug på e-post: silje.langehaug@laerdal.kommune.no