Både bustad og tenester blir tildelte etter gjeldande lovverk. Det er 12 omsorgsbustader, dei fleste romslege med plass til ektefelle. Der er og ei felles stove med kjøken. I tillegg er det to pårøranderom til utleige.

Leigetakar skriv husleigekontrakt med kommunen og betalar husleige. Kommunen er huseigar. Omsorgsbustad med heildøgns bemanning er ikkje sjukeheim (om hjelpebehovet aukar, kan flytting til sjukeheim bli aktuelt).

Informasjon om tilbodet

Det er eit mål at du som bebuar i omsorgsbustaden og personalet jobbar samen for å oppretthalde dine funksjonar slik at du kan vere så sjølvstendig som mogleg.

Det er tilgang til pleie- og omsorgspersonale 24 timer i døgnet.

Den som blir tildelt omsorgsbustad, er heimebuande og følgjer regelverket for tenester tildelt heimebuande.

Behovet for hjelp og assistanse blir kartlagt og vurdert av Tildelingskontor for pleie- og omsorgstenester. Hjelpebehov blir tildelt i enkeltvedtak. Vedtaket gir råma for tildelt hjelp. 

Det er personalet i omsorgsbustadene og heimetenesta som utfører tenestene. Dei vanlegaste tenestene er helsehjelp i heimen/heimesjukepleie og praktisk bistand til daglege gjeremål (heimehjelp). Bebuar beheld eigen fastlege.

Ulike hjelpe- og helsetenester

Tenestene heimesjukepleie 
Dette er tenester knytt til helse, stell og eigenomsorg som bebuar ikkje klarar å utføre sjølv og  inkluderer tilsyn med personalet til stades. Alle tenester som blir definerte som heimesjukepleie, er gratis.

Andre kommunale tenester
Ulike typar pleie- og omsorgstenester kan tildelast bebuar etter søknad og kartlegging av behov. Dette gjeld og ulike dagtilbod. Betaling etter satser satt av kommunestyret. Frikort på eigenandel ved medisinsk behandling Her følgjer ein reglane for betaling av eigenandel og frikort.

Legetenester
Bebuar i omsorgsbustad er heimebuande, og legetenester blir levert av fastlege som ein anten tilkallar ved behov, eller som bebuar oppsøkjer. Her gjeld same betaling som for heimebuande

Legemidlar/medisinar
Legemidlar/medisinar er som hovudregel den enkelte bebuar sitt ansvar. Men heimesjukepleie i omsorgsbustaden kan etter behov overta og administrere legemidlar/medisinar.Både innkjøp av legemidlar, kontakt med fastlege eller sjukehus og medisinske forbruksvarer (som bleier etc.) følgjer NAV sine reglar for eigenbetaling.

Fysioterapi
Fysioterapi kan bestillast både frå privatpraktiserande og kommunalt tilsett fysioterapeut. Her gjeld same betaling som for heimebuande.

Kostnad

Bebuar inngår leigekontrakt for omsorgsbustad. Husleige blir justert av kommunestyret når årsbudsjettet blir vedteke. Husleige fakturerast månadleg, og inkluderer:

• Straum og oppvarming
• Normalt vedlikehald
• Renovasjon
• Vatn og avløp
• Drift av fellesområde ute/inne
• Reinhald og straum i fellesareal

Husleiga dekkjer ikkje:
• Innbu- og lausøyreforsikring

Bebuar kan søkje Husbanken om bustøtteordning. Kommunen kan hjelpe til med søknad.

Ambulerande vaktmeister er tilgjengeleg mot betaling. Arbeidstid frå kl 07.30 – 15.00.

Praktisk informasjon

Telefon og Tryggleiksalarm: Alle bebuarar må ha tryggleiksalarm for å kunne tilkalla hjelp.

Data: Bebuar må stå for leige av internett sjølve. Dette kan bestillast ved å ta kontakt med Årdalsnett, Sognenett eller Telenor.

Møbler i leilegheita: Kvar bebuar eller bebuar sine pårørande må sjølv innreie omsorgsbustaden med møbler, gardiner og ev. vaskemaskin/tørketrommel. Det er plass til vaskemaskin med tørketrommel oppå. Andre kvitevarer er inkludert. Det er lamellgardiner i vindauga og skinner for oppheng av gardiner. På veggene er det montert biletelister. Det er ikkje tillate å skru/feste bilete eller andre gjenstandar på veggene.

Tekniske hjelpemiddel blir Formidla av ergoterapeut i kommunen. Tekniske hjelpemiddel som det er behov for bestiller ein frå Hjelpemiddelsentralen etter søknad.

Dyrehald er ikkje tillate.

Røyking er ikkje tillate innandørs.

Reingjering: Det er ikkje lov å bruka grønsåpe på golv i omsorgsbustadene. Det er sentralstøvsugar med uttak i alle leilegheiter.

Nøklar: Alle dørar har pogg (adgangskort).

Måltid: Ein må levera søknad om å få kjøpa måltid frå kjøkenet ved Lærdal bu- og omsorgsheim.

Leilegheit for pårørande

Det finst to rom til leige  for pårørande i spesielle tilfelle.  Desse er knytt til omsorgsbustadane. Behovet blir vurdert av fagpersonell. Tidsrom inntil 5 dagar. Lenger leige kan vurderast. Ta kontakt med soneleiar eller tenesteleiar.

Leiga blir justert årleg og er på 420 kr. pr. døgn i 2024. Det er mogleg å leige sengeklede og handkle. Mat kan kjøpast på kjøken i institusjon.