Klubben har som oppgåve å legge til rette for ulike sosiale aktivitetar for ungdom i fritida. Vaksne skal vere tilstades for ungdommane og det skal vere ein sosial møteplass med gode og positive opplevingar. Me ynskjer å legge til rette for utvikling og kreativitet.
På klubben har me aktivitetar som biljard, bordtennis, ulike spel, TV spel osb. Det har alltid vore kjøken der ungdommane sjølve har sal av pizza, brus og noko snop.
På tysdagar er det tilbod om juniorklubb for 7. klasse.
Eigne ordensreglar er hengt opp rundt i lokalet, og lagt ut på Kosen si eiga Facebookside
Velkommen!