Også tiltak i andre vassdrag kan vera søknadspliktige, les meir om det ved å klikka her.

Tiltak i Lærdalsvassdraget

Lærdalsvassdraget har ein sentral plass i Lærdalssamfunnet. Lærdalselvi gjev vatn til landbruk og hushaldning og den gjev liv til den verdenskjente laksebestanden. Samstundes gjev elva lokalsamfunnet utfordringar med flaum, som kan medføre endringar i elveløp, skader på erosjonssikring, tersklar, utstikkerar, kulvertar, bruer, regulering og vassuttak.

Tiltak i Lærdalelvi er søknadspliktige og det er utarbeida ein forvaltingsplan for Lærdalsvassdraget som vert nytta som rettleiar for sakshandsaming av søknader i vassdraget.

Alle søknader skal stilast til Lærdal kommune (post@laerdal.kommune.no), som sender søknaden til uttale hjå regionale myndigheiter, før det vert fatta endeleg vedtak.
Regionale myndigheiter kan væra Statsforvaltaren i Vestland, NVE og Vestland fylkeskommune. Uttale frå myndigheiter har i dei fleste tilfelle sterk påverknad på vedtaket fatta av Lærdal kommune og dei har klagerett på vedtaket.

Direktoratet for byggkvalitet (dibk.no) er et nasjonalt kompetansesenter på bygningsområdet som kan gje rettleiing om søknadspliktig tiltak, om krav til  søknadsprosessen og gje tilgang til skjema (digitale og manuelle).

Førehandssamtale ved tiltak

Kommune vil sterkt tilrå at det vert halde førehandssamtale med byggesakshandsamar før det vert sendt søknad.

Du  vil få innformasjon om

  • Forvaltningsplan for Lærdalsvassdraget
  • Krav til byggesøknaden
  • Krav til planleggjar og utførande