I følgje klimaframskrivingar vil klimaendringane bli større og meir merkbare i åra som kjem. Difor er fokuset på kartleggingar og førebyggjande tiltak så stort som det er.

Kartlegging av naturfare i kommunen

Det er gjort mange kartleggingar for naturfare i Lærdal. Ein del av desse ligg tilgjengeleg i offentleg kartgrunnlag (NVE Atlas), medan nokre av kartleggingane ikkje er gjort offentlege.  Alle kan sjekka sine eigedomar for grad av naturfare i NVE Atlas.  

Dersom ein ynskjer fullstendig oversikt over alle kartleggingar som kan vera relevante for sin eigedom, er det anbefalt å ta kontakt med kommunen. Kommunen kan og rettleia og forklara resultata i kartleggingane.

På sidene som er ramsa opp under kan du finna informasjon om grad av naturfare for din eigedom: 

Klikk på denne lenkja for å finna NVE- kartleggingar for Lærdal - her finn du faresoner og aktsemdsoner for blant anna skred, flaum, kvikkleire og meir ved å aktivere dei ulike temalaga.

Klikk her for å opna ein rapport om kartlegging av kritiske punkt for bekkar og vassdrag i Lærdal

Klikk her for å sjå sida til Kartverket om havnivåstigning

Søkja om sikring av eigedom

Ein del eigedomar i Lærdal ligg i faresone for skred og/eller flaum. Dette er i hovudsak bustadar som vart bygd for ein del år sidan, då lovverket ikkje var så strengt som i dag, og ein ikkje hadde så god kjennskap og kunnskap om naturfare som ein har no. 

I nokre tilfelle er faregraden så høg at bustaden bør sikrast med sikringstiltak. Dette kan gjennomførast anten ved at kommunen gjennomfører kartlegging og etablering av sikringstiltak, gjerne med tilskot frå NVE - eller at privatpersonar/grunneigarar gjennomfører dette sjølve, då også gjerne med tilskot frå NVE og eventuelt kommunen. Det kan og vera aktuelt med kombinasjonar av desse løysingane. 

I dei fleste tilfella der kommunen gjennomfører prosessen dekkjer sikringstiltaket fleire bustadar - til dømes i bustadfelt - og faregraden er høg.  Ta gjerne kontakt med kommunen for drøfting og rettleiing om sikringstiltak for din eigedom.

Les meir om tilskotsordningar for sikringstiltak på NVE sine nettsider ved å klikka her

 

Flaumsikringsprosjekt for Lærdalsøyri

Store deler av Lærdalsøyri er utsett for flaum frå Lærdalselvi. NVE og kommunen har i mange år jobba for å betra sikringa langs elva, men det er fyrst i 2023 at prosjektet har fått høg prioritet blant større sikringstiltak i landet. 

Informasjon og oppdatering om prosjektet finn du ved å klikka på denne lenkja til sida NVE har om flaumsikring av Lærdal.


 

Klimaendringar

Klimaendringar som skuldast ubalanse i energiutvekslinga mellom jorda og verdsrommet (ytre klimapådriv) har førekome til alle tider. Inntil for eit par hundre år sidan hadde desse i all hovudsak naturlege årsakar, men menneskeleg verksemd har i stadig større grad påverka energiutvekslinga. 

Ifølgje FN sitt klimapanel er menneskeleg aktivitet hovudårsaka til den observerte auken i globaltemperaturen sidan 1950.  Me ser allereie endringar i klimaet, og ifølgje klimaframskrivingar vil endringane bli større og meir merkbare i åra som kjem.  Dette har spesielt konsekvensar for auka naturfare i allereie sårbare område, og i område som ikkje tidlegare har vore i faresona.

Les meir om klimaendringar og klimaframskrivingar ved å klikka på denne lenkja til Norsk klimaservice sine nettsider.