Heilt konkret tyder det at du som mottek hjelp frå heimetenesta kan kommunisera med heimetenestene om følgjande gjennom Helsenorge:
•    senda og motta meldingar frå pleie- og omsorgstenesta og bu- og miljøtenesta i kommunen.
•    I heimetenesta kan brukar sjå avtalar om heimebesøk og avbestille besøk
•    brukar kan få varslar om utført heimebesøk på tekstmelding eller e-post

Tenesta er meint som ei tilleggsteneste til vanleg dialog, og kan brukast av dei som ynskjer det. For å kunne nytta tenesta må ein ha fått ein SMS frå Helsenorge.

DigiHelse blir klar til bruk i  pleie- og omsorgstenesta og bu- og miljøtenesta i midten av april 2024. 
 

Pårørande

Det kan vera fint å sjå når dei du bryr deg om får besøk eller har hatt besøk, og kanskje er det behov for å kommunisera med helsepersonell digitalt.

Systemet gjev såleis mange flotte moglegheiter for dei pårørande. Om dei pårørande har fått fullmakt kan dei sjå den same informasjonen som brukar, og kommunisera med dei kommunale helsetenestene sjølve på vegner av brukar.

Pårørande kan få tilgang til tenesta med fullmakt frå brukaren. Ønskjer du å gje pårørande fullmakt? Ved å følgja denne lenkja kan brukar og pårørande ordna fullmakt.

Slik loggar du inn og skriv meldingar

For å logga inn på helsenorge.no kan innbyggjarane bruka ein av desse: 

  • BankID
  • BankID på mobil
  • Buypass ID 
  • Commfides e-ID. 

Innlogging har tryggleiksnivå 4, og det er dermed mogleg å utveksla sensitive opplysningar. 

Sjå opplæringsvideoar under om korleis ein loggar seg inn på helsenorge.no og korleis ein skriv melding på helsenorge.no.

Har du spørsmål om DigiHelse?

Meir rettleiing om bruk av den digitale løysinga finn du ved å klikka på denne lenkja til Helsenorge sin hjelpeside, eller ringja “Rettleing for helsenorge.no”, tlf: 23 32 70 00.

Du kan lese meir om tenesta ved å klikka her på KS sine sider om Digihelse – meldinger og kalender på helsenorge.no