Viss ein som privatperson veit eller trur at nokon vert utsett for vald eller seksuelle overgrep har ein avverjeplikt. Plikta gjeld for alle. Den inneber også at dersom det er grunn til å tru at det er fare for liv og helse, altså at nokon kan bli skada eller drepen, skal politiet kontaktast. Både om det er snakk om born eller vaksne.

Direktenummer til politiet: 02800 

Nødnummer politiet: 112 

Er det born involvert skal også barnevernstenesta kontaktast. Telefonnummer til barnevernsvakta: 90 21 34 81

Er du uroa for eit barn?

Born og unge som opplever vald og overgrep held det for seg sjølv og viser ofte lite til dei rundt seg. Årsaka kan vere at det er tabu og flaut, dei kjenner seg makteslause eller dei kan verta trua til å teia.

Eit av ti barn og unge har vore utsett for vald og overgrep. Det kan verta opplevd som vanskeleg å prata med barn og unge om vald og overgrep. På nettsida Jeg vil vite finn både vaksne og barn kunnskap om kva vald og seksuelle overgrep er, korleis du kan prata med barn og unge om det og kven du kontakta for å få hjelp.

Sjå også informasjon om barnevernstenesta i Aurland og Lærdal ved å klikka her.

Blir du sjølv utsett for vald?

Det finst mange former for vald. Sjølv om ein gjerner tenkjer på vald som handlinger som etterlet synlege merke, som blåmerke, sår eller brot, så er vald meir enn det. Og dersom valden strekkjer seg over lenger tid kan ofte den eller dei som er offer bli så vande med valdsutøvinga at grensa for kva ein tenkjer på som vald blir flytta lenger og lenger.

Under følgjer nokre lenkjer til sider som skildrar ulike typar vald:

Har jeg blitt utsatt for vold i en nær relasjon? - Dinutvei.no

Utsatt for voldtekt eller seksuelt overgrep? - Dinutvei.no

Ulike former for vold - Dinutvei.no

Overgrepsmottak og krisesenter

Overgrepsmottaket for regionen vår ligg i eit eige bygg på Førde sentralsjukehus. Overgrepsmottaket tilbyr samtale, undersøking, prøvetaking, sporsikring og behandling ved seksuelle overgrep og for dei som har vert utsett for vald i nære relasjonar.

Ta kontakt på telefon 116 117 (Legevakt) og be om å bli sett over til overgrepsmottaket. Alle legevaktsentralane i Sogn og Fjordane har direktenummeret til legevaktsentralen i Førde som formidlar kontakt vidare med vakthavande på overgrepsmottaket.

Du kan henvenda deg anonymt, og treng ikkje å oppgje personalia eller kva saka gjeld, før du vert satt over til oss. Du kan ta kontakt på telefon for rådgiving eller avtale om oppmøte på overgrepsmottaket. Du kan også ta kontakt på vegne av andre enn deg sjølv. Du treng ikkje tilvising frå lege for å koma til overgrepsmottaket.

Du kan også senda ein SMS på telefon 92 98 87 85 dersom du ynskjer at overgrepsmottaket skal ta kontakt med deg. Du vert då kontakta på dagtid måndag – fredag mellom 09:00 og 15:30.

Ved å klikka deg inn på denne sida finn du meir informasjon om overgrepsmottaket

 

Krisesenteret er eit tilbod til deg som er utsett for vald eller overgrep frå ein partnar, familie eller andre du har eit nært forhold til. Informasjon på andre språk finn du her:
Languages - Dinutvei.no

Krisesenteret for vår region er krisesenteret i Sogn og Fjordane i Florø. Dei har døgnope telefonnummer: 57 74 36 00
 
Du treng ikkje å vere i akutt krise for å få hjelp på krisesenteret. Senteret tilbyr:
Ein trygg, mellombels stad å bu – eller dagtilbod om du heller vil
Vern, tryggleik, råd og rettleiing
 
Absolutt alle kan kontakte krisesenteret, når som helst, uansett kjønn og alder. Du kan også ta med borna dine på krisesenteret.
 
Krisesenteret har døgnopen vakttelefon
Det er gratis å få hjelp og gratis å bu på krisesenteret 
Du treng ingen tilvising eller timeavtale for å kontakta senteret.
 
 

Utset du nokon for vald?

Alle som står nær kvarandre kan krangla og vera ueinige. Det skal likevel ikkje vera slik at du gjer partnaren din eller barnet ditt redd eller utrygg. Livet i ein familie skal vera trygg for alle partar. Det skal gå an å vera ueinige, ha eigne meiningar og ville noko anna enn den du er i lag med.

Om du slår, sparkar eller kjem med truslar, audmjukar, krenker eller kontrollerer andre, utøver du vald. Om du har problem med å kontrollera temperamentet ditt, eller er oppfarande og stadig skremmer nokon du eigentleg er glad, kan du få hjelp til å endra deg.

Handlingsplan mot vald i nære relasjonar

Vald i nære relasjonar er eit samfunns- og folkehelseproblem som rammar uavhengig av kor i landet ein bur. Ein veit òg at det skjer i alle typar familiar uavhengig av kulturell bakgrunn og utdanning. Lærdal kommune har ein nullvisjon om vald i nære relasjonar. 

Handlingsplan for vald i nære relasjonar 2023 - 2027 vart vedteken i kommunestyret i september 2023. Planen vil hjelpa det kommunale tenesteapparatet med å auka innsatsen, kunnskapen og handlingskompetansen i forhold til vald i nære relasjonar. Handlingsplanen set vald i nære relasjonar på dagsorden. På den måten vil planen bidra til å nå kommunen si målsetjing om å førebyggja, avdekkja og stoppa vald i nære relasjonar mot personar i Lærdal kommune.

Arbeidet er sektorovergripande og krev innsats frå fleire tenesteytarar i alle fasar, difor er det viktig at arbeidet vert systematisert og kvalitetssikra gjennom denne planen. Den innheld også informasjon om tiltak innanfor tematikken som finst frå før og nyare tiltak og satsingsområde. Klikk her for å opna Handlingsplan for vald i nære relasjonar.