Helsestasjon for barn og unge til og med 20 år

Føremål med Helsestasjontenesta
Tenesta har som mål å fremja helse og trivsel blant barn og unge, samt førebyggje sjukdom. For å sikre arbeidet, held ein fokus på å gje råd og rettleiing til foreldre, drive helseopplysning blant barn, unge og foreldre. Vidare styrke ressursar hjå individet, og i familein for å bygge meistring, og hjelp til sjølvhjelp. Helsestasjonen skal drive informasjon og rettleiing ved helseundersøkingar og vaksinasjon av barn og unge. Målet er å sikre at alle brukaraen av helsestasjon - og skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom frå det tilbodet dei har krav på.

Tenesta skal også fange opp og bidra til at barn med særlege behov får oppfølging.
Helsesøster har spesialkompetanse på førebygging - og behandling av overvekt for barn og unge.

Helsestasjon er eit tilbod born og for ungdom til og med 20 år.
Helsestasjon for ungdom er inkludert i vanleg opningstid ved helsestasjonen måndag til fredag 08.00 - 15.30. Tilbodet er gratis for ungdom mellom 13 og 20 år .Ta kontakt ved behov, det er ingen timebestilling. Ring gjerne på førehand dersom du ynskjer avsett tid til samtale.

Helsesyseter har utvida komeptanse på prevensjons- og seksualrettleiing, og kan rekvirere p-piller til jenter frå 16 t.o.m
19.år. Det er også høve til gratis klamydiatest. Helsesyster samarbeider med lege
Send gjerne SMS med spørsmål til helesyster, ev. anonymt.Helsesøster: Mobil/SMS 97 74 41 21
 

 

 

Jordmor

Jordmor Satu Miilunpohja Henell har kontordag kvar tysdag 08.00 - 15.30, telefon 57 65 95 00
Jordmor har ansvaret for svangerskapsomsorga i nært samarbeid med lege og helsesyster, evt andre tverrfaglege samarbeidspartnarar. Dette gjeld og tida rett etter fødselen.

Helsesøster Sari Kumpula. måndag til fredag 08.00 - 15.30, telefon  97 76 36 74
Helsesøster Marianne Øren, tysdag, onsdag og annakvar torsdag på Lærdalsøyri skule, telefon 99 08 97 26
Helsestasjonslege har kontortid kvar onsdag 08.00 - 15.30

Vaksinering

Vaksine / Reisevaksine / Influensavaksine
Helsesøster gjev informasjon om vaksine og smittsame sjukdomar, og vaksinerar.