Idrettsanlegg

Lærdal idrettshall ligg tilknytt Lærdalsøyri skule og er eigd av kommunen. Ljøsne gymsal ligg i bygningsmassen som husa gamle Ljøsne skule tidlegare, i nabobygget til det som no er restauranten Elvekroi - her har Lærdal kommune ein leigeavtale med eigarane av bygget.

Det er Lærdal idrettslag som disponerer desse to innandørs idrettsanlegga. På lenkjene nedanfor får du oversikt over aktivitetane som er i Lærdal idrettshall og Ljøsne gymsal denne sesongen. Ønskjer du og/eller ein gjeng å booka halltid til idrettsaktivitet? Høyr kva moglegheiter som finst ved å ta kontakt med Lærdal idrettslag (Klikk på lenkja for å senda e-post).

Det som skjer i gymsalen og idrettshallen er ein miks av aktivitetar i regi av Lærdal idrettslag og private initiativ - ta også kontakt med Lærdal idrettslag dersom det er noko her du har lyst til å delta på, men ikkje veit korleis du skal bli med.

Halltider Lærdal idrettshall 23/24 

Halltider Ljøsne gymsal 23/24

Dagsturhytta

Dagsturhytta i Lærdal er plassert på Mjølkeflaten og har fått namnet Mjølkeflathytta. Frå hytta er det god utsikt over Lærdal, både mot Øyri og oppover til Ofta og Hauge.

Tilkomst og parkering: Ta av frå rv. 5 mot sentrum og ta av til Lærdal Grønt. Her vi du finne ein opparbeidd parkeringsplass for dagsturhytta. Gå gangvegen vidare under brua og følg vegen over brua for å finne stistart.

Stien til hytta: Turen til Mjølkeflathytta er ein lett tur i fjellsida på nordsida av Lærdalsøyri. Stien er fin og godt merka. Rett før tunnellopninga til Fodnestunellen er det ei grind og det er merka sti til Mjølkeflathytta. Nokre svaberg er sikra med tau og trapper, spesielt mynta på vinterturar. 

Det er også mogleg å gå frå Stødno. Då tar du av til Lærdal sjukehus og tar av til Stødnavegen. Frå garden Stødno er det merka sti til Hedler og Mjølkeflathytta. Stien starta går på nordsida av Lærdalselva.  

Avstandar: Turen frå tunnellopninga tar ca. 30 minutter og er på omtrent 1 km. Hytta ligg på 95 moh. Turen frå Stødno er 2,3 km. 

Jakt og fiske

Det er opna for jakt på hjort, elg, rådyr og rein i Lærdal. Kommunen har ansvaret for forvaltninga av rådyr, hjort og elg. Før ein kan gå på jakt på desse tre viltartane må kommunen først godkjenne det aktuelle området som eit jaktvald. Søk i Hjorteviltregisteret etter jaktvald, fellingsresultat m.m.

For å jakte småvilt må ein ha grunneigarrett eller løyve frå grunneigar.

For å gå på jakt må du vera fylt 16 år og ha godkjent jegerprøve eller vere registrert i Jegerregisteret. Personar som er fast busett i utlandet treng ikkje ta jegerprøva dersom dei kan dokumentere at dei fyller vilkåra for å drive tilsvarande jakt i landet dei bur.

Kjøp jakt- og fiskekort