Flyktningar som er busette i kommunen skal gjennom eit obligatorisk introduksjonsprogram få tilbod om norsk og samfunnsfagundervisning. Tilbodet er pr. i dag 18 undervisningstimar med norskopplæring fordelt på tre dagar i veka. Dei to andre dagane i veka er deltakarane i språkpraksis.

Personar mellom 16 og 55 år som søkjer opphalds- og arbeidsløyve etter utlendingslova som grunnlag for busettingsløyve, har rett og plikt til opplæring: 550 timar norsk og 50 timar samfunnskunnskap. Les meir om dette på regjeringa si nettside ved å klikka her

Arbeidsinnvandrarar

Arbeidsinnvandrarar har plikt til å læra seg norsk, men må i utgangspunktet finansiera opplæringa sjølve, og kommunane har ikkje krav om å tilretteleggja spesielt for denne gruppa. Det skjer at arbeidsgjevarar finansierer slik opplæring heilt eller delvis, men dette er då opptil den einskilde arbeidsgjevar.

Vaksenopplæringa kan arrangera norskkurs som arbeidsinnvandrarar kan delta på, slike kurs blir arrangert etter kva ein har av førespurnader om slike kurs og når det elels ligg til rette for det. Informasjon om slike kurs kjem på Lærdal kommune sine nettsider. I somme tilfelle kan arbeidsinnvandrarar få tilbod om å følgja norskopplæringa for flyktningar, viss det er ledig kapasitet.

Arbeidsinnvandrarar med trong for norskopplæring før neste kurs i regi av Vaksenopplæringa bli avvikla, kan ta nettkurs. Mellom anna er kursa til NoTe ein moglegheit – klikk her for å koma til deira nettside.

Innvandrarar som er gifte med norske statsborgarar

Innvandrarar som er gift med norske statsborgarar har rett til å få norskopplæring som gjer ein i stand til å meistra norsk skriftleg på A2-nivå og muntleg på B1-niivå, og at denne opplæringa blir tilrettelagt og finansiert av kommunen innan tre år etter at vedkomande har flytta til Noreg. Les definisjonar på dei ulike nivå ved å klikka inn her på IMDI sine nettsider.

For denne gruppa gjeld at dei må senda NAV Lærdal ein enkel søknad om norskkurs der dei dokumenterer at dei er gift med norsk statsborgar - sjå kontaktinfo. Sjølv om fristen me har for å tilretteleggja for kurs er på tre år vil NAV Lærdal så langt det let seg gjera tilby kurs tidlegare; innan rimeleg tid. Søknadsfristar er 1. mars og 1. oktober kvart år.