Endringane medfører at borgarleg vigsel vert overført frå tingrettane til kommunane. Ordførar og varaordførar har vigslerett etter lova, og i Lærdal er denne retten ikkje delegert til fleire. Plikta til kommunen gjeld eigne innbyggarar og for personar som ikkje er busette i Norge. Det er tilstrekkeleg at ein av brudefolka er busette i kommunen for at plikta skal gjelde.

Kommunen kan velgje å tilby vigsle også for brudefolk busette i andre kommunar.Kommunene sitt alminnelege vigsletilbod skal vere gratis for kommunen sine eigne innbyggarar og for personer som ikkje er busette i Norge.

I kommunestyrevedtak frå 23.11.2017 er det bestemt at i Lærdal skal møterommet i Telegrafen eller mellomgangen mot kunstsenteret i kulturhuset til vanleg vere vigselstader.

Tilbodet skal også gjelde for brudepar som ikkje er heimehøyrande i Lærdal kommune, og det skal så langt som mogleg også gjevast utanom kommunen si kontortid.

Dersom det kjem ekstra kostnader til vigselen, skal brudeparet betale desse sjølve.